"Kortid, visst ikkje no?" - Podcast
Sesong 2 Episode 4
Graden av din suksess vil avhenge av kva verdi du sjølv har satt på deg sjølv!
Korleis har 2020 vore?
Kva verdi sat du på deg sjølv i 2020?
Kva tenkjer du at du er verdt?
Følte du deg meira verdt i 2020 enn i 2019?
Synest du at du er lite verdt er det ikkje lett for andre å sjå din høge verdi.
Det er di oppgåve å hjelpa dei og få dei til å sjå den!
Du skal elska din neste som deg sjølv.
SOM DEG SJØLV!
Evaluer 2020 - Klarte du å heva din verdi frå 2019 til 2020?
Og kva skal du gjera i 2021 for å heva din verdi?
Du kan alltid bestilla ein kartleggingstime med meg på: https://lindafosse.setmore.com/
Mvh
Linda F.
"FØLG DRAUMEN! Kortid, visst ikkje no?"
Bill. til Grieghallen 29.1.2022 KJØPER DU HER.
Kva er det som driv meg?
Stundom har eg lurt på det, kva er det som driv meg?
Kvifor denne trangen for å inspirera andre til å våga følgja draumen?
Kvifor er nettopp dette så viktig for meg at eg vil bruka størstedelen av livet mitt på nettopp dette?
Kvifor handlar så mange av mine songar og dikt om nettopp dette?
Å våga.
Våga vera den ein er.
Våga å elska seg sjølv.
Våga følgja draumen!
KVIFOR?
Vel, idag tok eg meg tid til å fundera over dette.
Kor kjem det i frå?
Eg trur vel eg må tilbake til min barndom og mine eigne foreldre.
Særleg far min.
Eg trur vel ikkje han følgde sin draum, for å seia det sånn.
Og når eg ser kva det gjer med folk, og kva det gjorde med han, så vert eg trist.
Eg ser så altfor mange mister livsmotet, gleda, motivasjonen og entusiasmen når ein hamnar på feil hylla og i feilt spor.
Det er...
Litt no og litt då, alt hjelpe!
Mange er ikkje bevisst kor viktig det er å setja pris på seg sjølv for å ha det bra.
Altfor mange tar ikkje hensyn til seg sjølv og undrast på kvifor dei ikkje har eit strålnade liv.
God livskvalitet handlar eigentleg om å setja pris på seg sjølv og den ein er.
Unna seg å ha det bra.
Unna seg det beste.
Eller i allefall å unna seg å ha det litt betre enn i går, eller forrige veka, månad, år.
Dei aller færraste klarar å endra livet på eit døgn, men om ein dag for dag gjer bevisste handlingar og valg som fører ein i retninga av å setja pris på seg sjølv og synast godt om seg sjølv, vil du sjå at livet endrar seg i riktig retning, bit for bit, steg for steg.
Dette er noko av det eg snakkar om i "Kortid, visst ikkje no?" -podcast- episode 60 "Dette skjer når du unnar deg det beste!".
Ta deg...
Sit du inne med kunnskap du veit hadde vore til hjelp for andre om dei visste?
Har du ein lidenskap som du veit andre hadde elska å veta om og lært noko av?
Noko du kunne tenkt deg å gjera til leveveg?
Dagens episode er til deg!
Eg hjelper kvinner som vil gå for draumen sin - til å lukkast!
Lurar du på korleis eg kan hjelpa deg, gå til:
https://lindafosse.setmore.com/
Her bestiller du ein GRATIS, uforpliktane samtale med meg. Så vil eg visa deg korleis eg kan hjelpa deg med å gå i gong!
FØLG DRAUMEN! KORTID, VISST IKKJE NO?
I dagens podcast-episode snakkar eg om kvifor det er så viktig og vera sin beste samarbeidspartnar og bestevenninne.
Skal ein arbeidsplass fungera MÅ kjemien vera bra og alle respektera kvarandre.
Gjer du det når du er din eigen sjef?
Eller om eit vennepar skal halda saman er det viktig at ein støttar og byggjer kvarandre opp.
Er du den bestevenninna for deg sjølv?
Uansett kven du er og kva du gjer på, du MÅ lika deg sjølv og den du er for å trivast med deg sjølv.
Du må vera oppbyggjande og støttande!
Slutt å snakk deg sjølv ned.
Få med deg podcastepisoden og la meg veta korleis du ligg an.
Er du din beste samarbeidspartnar, privat og i jobb?
Er du klar for å følgja draumen og verta din eigen sjef og vil drøfta det med meg, bestill deg ein gratis samtale her:
https://lindafosse.setmore.com/
Gler meg til å...
Skal du endra livet ditt må du byrja med dei små tinga i kvardagen.
Ikkje utsetja alt og la dei ligge der - enn så lenge....
Dagens podcast-episode er for deg som vil verta bevisst kva du gjer i kvardagen, og korleis det kan påverka framtida di.
Gjer dei små endringane idag og sjå kva dei betyr for deg og framtida di.
Livet er her og no. Det vert ikkje betre enn dette om du ikkje er det bevisst.
Du får ikkje eit anna resultat i framtida enn det du har idag om du ikkje endrar det du gjer idag.
Så enkelt og så vanskeleg.
Men det kan du gjera ved å gjera små endringar i kvardagen.
Bli bevisst kva du legg frå deg i gongen eller kva du ikkje fullfører og tenkjer "Eg legg det her "ENN SÅ LENGE..."
Då kan du vera sikker på at du ikkje lever i pakt med "HER OG NO"
I så fall må du ha eit konkret svar på spørsmålet "Kortid, visst ikkje no?"
Har du ikkje det,...
Eg veit ikkje heilt kva som skjer for tida.
Men det som skjer, skjer fort og det meste er for meg heilt blotta for sunn fornuft.
Vindturbinar skal få rasera naturen vår for all ettertid, for at utanlandske investorar skal gå seirande ut av spelet og vi set att med skjemd natur, øydelagde fuglebestander og tap av store naturressursar.
Dumping av gruveavfall i våre fjordar, så både fisk og anna døyr, og så, toppen av kransekaka:
Norske husdyr som i århundrer har sørga for landsskapspleie av kulturlandsskap og gjeve oss sunn god mat;
- No er dei farlege å ete og ikkje nok med det:
Dei er farleg for miljøet!
Ku-promt og sauerap må vekk, for no skal me redde miljøet.
Har alle vorte #miljøsprø ?
Dagens oppslag på NRK fekk meg til å skriva følgande dikt.
DEL gjerne om det fell i smak!
Ikkje bæ-rekraftig lenger!
Når ein trudde at bunnen var...