Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

15 sekund til meir vågemot

å våga Oct 18, 2022
Vågemot

"FØLG DRAUMEN!" - seier eg

"KORLEIS?" - seier du

"DU MÅ VÅGA!"

Men kva som gjer at vi vågar?

For at du skal kunna følgja ein draum må du våga.
Der stoppar det opp for mange.
Medan andre vågar å gå for draumen for så
å oppdaga at dei ikkje vågar å gjera det som skal til for å nå draumen.

I mange år våga ikkje eg heller å gå for draumen. 
Tida gjekk og eg vart eldre og eldre.

Men så var det nok.
Ubehaget ved å ikkje følgja draumen og den neggande følelsen i magen og kroppen ville ikkje gje seg og eg "måtte".
Det var då eg tinga Grieghallen for å halda min livs største konsert.
(Konserten som har vorte utsatt 3 gongar og som no skal gå av stabelen 17. juni 2023.)
Men nok om den.

Kva var det som gjorde at eg våga tinga salen i 2019
og ikkje i 2014, når eg først lanserte idéen?
Jau, det skal eg fortelja deg.
Det var at eg hadde fått større SJØLVBILETE!

Visst du ser for deg at det er ei rekke med dominobrikker som står ifrå der du er i dag
til deg du ynskjer å vera, så er den første brikka "sjølvbilete".

Det er første brikka i dominorekka på vegen mot ein draum som må falla
for at du skal våga meir enn du gjer i dag.
 Og "sjølvbilete-brikka" må vera stor nok til å skubba ned brikka for det du skal våga.

Du vil aldri våga meir enn størrelsen på "Sjølvbilete-brikka".

SJØLVBILETE
Kva er no det, eigentleg.

Det er sjølvtillit + sjølvfølelse.

Sjølvtillit er den tilliten du har til deg sjølv.
Den kan hjå mange vera stor utan at sjølfølelsen er så stor.
Det var tilfellet hjå meg.

Men det kan aldri vera omvendt.

Har du høg sjølvfølelse
har du automatisk stor sjølvtillit.

Sjølvfølelsen er kva du tenkjer om deg sjølv. Din eigenverdi. Ditt eigeverd.
Kva du tenkjer du er verdt.

Men det er her skoen trykker
for dei fleste av oss.

Vi har ein sjølvfølelse som ikkje tillet oss å verken få suksess
eller gjera det som skal til for å lukkast.

Når sjølfølelsen er lav høyrer vi gjerne denne "Jantestemma" inni oss, som eg ofte snakkar om.

"Du er ikkje god nok!"
"Kva vil ikkje folk seia!"
"No drit du deg ut!"

Det er sjeldan og aldri dei rundt som seier dette til oss direkte men vi sjølv,
eller  "programvara" vår som snakkar til oss.

Så då er jo spørsmålet:
Korleis kan vi få denne "Jantestemma" til å tagna?
Korleis kan vi få høgare sjølvfølelse og auka sjølvbilete - så vi vågar meir
og kan følgja draumen?

Det vil eg hjelpa deg med her.

Først av alt skal du veta at grunnen til at vi har lav sjølvfølelse er grunna at den vart "plassert" der, i den  ubevisste delen av sinnet vårt.

Skal den endrast må vi gjere det på same måte som den kom dit:
Ved repetisjon.

Så, frå i dag av og kvar morgon framover, så lenge du lever er mitt råd,  
skal du gjera følgande når du står opp:

1) Gå på badet og sjå deg sjølv i spegelen.

2) Gje deg sjølv eit stort smil!

3) Sjå deg sjølv inn i augo og sei høgt til deg sjølv:

"Eg elskar deg.....(fyll inn ditt namn).
Du er heilt fantastisk!
I dag skal vi skapa den beste dagen i lag,
- fordi du fortjene da!"

Dette tar 15 sekund!

Eg kan garantera deg at det virkar!
Så enkelt - og allikavel SÅ vanskeleg.
Berre prøv.

Ikkje bli overraska om du føler deg dum, skamfull, flau etc. når du står der i spegelen.
Det gjorde eg og første gong.
Det er "Jantestemma" som får oss til å føla det slik. Ho vil ikkje ha noko endring.

Eg våga faktisk ikkje gjera denne øvelsen før huset var heilt tomt og eg kunne stå med låst baderomsdør i det tomme huset og kviskra orda til meg. Det føltes heilt pyton.Men eg gjorde det allikavel og resultat kom!

(Har du og det slik som meg når du gjer speiløvelsen då veit du at du har ein jobb å gjera! )


Den gamle programvara di, "Jantestemma" di, vil gjera ALT ho kan for å halda deg vekke i frå å gjera det som eg foreslår her.
Hugs det når du står forran spegelen og lurar på om du skal droppa det.

Men stå i mot.

GJER DET UANSETT!

Eg lovar det vil gjera noko med deg.

Eg ynskjer deg masse lukke til!

Beste helsing Linda

PS.
Om du vil veta kvifor dette virkar går du her og får filmen:
"Slik når du ditt største potensial som gründer".


Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling