KUN på programmet i 2026
I år ville Erik Bye ha fylt 100 år.
Bli med på ei varm og underhaldande stund der kjende songar, allsong og eit spanande bingo-format skapar engasjement, allsong og ei unik konsertoppleving.
Perfekt for eit vakse publikum.
"METODEN"
EIT MUSIKALSK COACHING-SHOW MED FOKUS PÅ VÅGEMOT og korleis få trua på seg sjølv. Dette er eit show for innspirasjon og vekst. Lær dei enklaste steg vi alle kan ta og korleis oppnå betre resultat ved bruk av den enkle "Metoden".
Kan kombinerast med workshop/kurs.
Perfekt for kvinnelege gründarar!
KONSERT-BINGO med ALLSONG og god stemning!
VELG blandt mange stilartar; Viser, country, musikal, Irsk folkemusikk, 60-tallsmusikk, vestlandet sine strilaviser m.m
Her kan du få dine musikalske ynskjer innfridd i ei unik konsert-oppleving til ditt eige arrangement. HØG allsong-faktor, underhaldning og vinnarsjansar. Konsert-bingo slår ALLTID an - uansett alder!
LINDA PÅ SCENA
Dette seier publikum:
Ingen scene for liten...
...og ingen scene for stor.
Hei. Eg heiter Linda Fosse og har arbeidd som artist, formidlar og låtskrivar i over 30 år. Gjennom musikk, historier og menneskemøte ynskjer eg å skapa opplevingar som rører, engasjerer og gir rom for både nærvær, ettertanke og livsglede.
Gjennom åra har eg halde konsertar, skrive eigne tekstar og reist med ulike forestillingar for både små og store scener. Eg har mellom anna arrangert eigen konsert i Grieghallen, reist med eigne produksjonar, og opptrådt på kulturhus, festivalar, kommunar og Den kulturelle spaserstokken og skulesekken.
Eg brenn særleg for formidling som skaper ekte kontakt mellom menneske. Anten det er gjennom konsertar, konsert-bingo, foredrag eller workshops, ynskjer eg å løfta fram motet til å leva meir ekte, våga meir av seg sjølv og finna tilbake til det som gir livet meining.
Mange kjenner meg også gjennom bodskapen:
«Følg draumen – kortid, viss ikkje no?»
For meg handlar det ikkje om perfekte liv eller raske løysingar, men om å våga ta små steg i retning av det som kjennest sant og levande.
I dag tilbyr eg konsertar, foredrag og opplevingar for kulturhus, festivalar, kommunar, bedrifter og arrangement som ynskjer varme, inspirasjon og engasjerande formidling med musikk og menneske i sentrum.
TA KONTAKT "Kortid, visst ikkje no?"
Tekst & Mel.: Linda Fosse Regi: Martin Nygaard
Musikkvideo spela inn på Osterøy ved Bergen - NORWAY