Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Sånn vart ei forventningsbør løfta av mine skuldre!

blogg følga draumen linda fosse livsnyter Feb 10, 2021

Mange gjer som meg og går altfor mange år utan å nyta livet!


Podcast-episode S2 E6 handlar om nettopp dette. Høyr den no.
Forrige helg, då eg sat i boblestampen ute i hagen, slo det meg:
"No veit eg kva eg skal verta!"
Etter å ha leita i eit uttal antal titlar i årenes løp stod det klart for meg:
LIVSNYTAR!

Til sumaren fyller eg 50 år.
Sjølv optimistar som meg må innsjå at ein mest sannsynleg har meir tid bak seg enn framom seg då.

"Så, kor vil du gå herifrå og ut, Linda?" - spørte eg meg sjølv.
Jau, eg vil gjera alt eg kan for å verta livsnytar.

Gjera mykje meir av alt som gjev meg energi og glede!

UTAN å tenkja på om det er lurt, om folk vil lika det, om det er kva "dei andre" forventar av meg eller andre destruktive idiotiske tankar.

Nei, herifrå og ut skal eg leva med glede!
God, (for det mesta) sunn mat!
God (for det mesta sunn) drikka.
Godt selskap!
Syngja songar som gjer meg glad.
Songar som betyr noko for meg.
Berre for da at EG HAR LYST!
Vera den eg er, med heile meg, berre for det at eg har lyst til å vera akkurat den!


Eg skal halda kurs når eg vil.
For kven eg vil.
Når eg vil.
Eg skal gje ut kva musikk eg vil.
Når eg vil.
Gje ut kva diktsamling eg vil.
Når eg vil.
Skriva om det eg vil!

Og så tenkte eg at:
- Dei som er glad i meg dei vil vel at eg skal ha det bra?
Og då spelar det jo ingen rolle kva eg gjer.
Så lenge det gjer meg glad vil vel dei og verta glad for at eg gjer det som gjer meg glad, eller?

Då eg hadde tenkt dette var det som ved eit trylleslag at ei forventningsbør vart letta av mine skuldre.
Hjelpe meg so letta eg kjente meg.
Og glad!

Det er mulig at det berre er eg som har det sånn og at det er rart å tenkja sånn.
Men da gjer jo ingenting så lenge det gjer meg ei god kjensle.
Ei kjensle av å vera fri.


Eg elskar mitt nye tilvære og ser med GLEDE fram til å verta 50 år!


Få gjerne med deg PodCast-sendinga som er linka til her og høyr kva eg gjorde for å verta livsnytar. (Eller jobbar med saka)
https://anchor.fm/lindafosse/episodes/S2-E6-Bli-livsnyter-du-og--Det-er-enklare--leve-eit-godt-liv-enn-det-mange-folk-trur--Mine-beste-rd-til-deg-som-vil-nyta-livet-eq5i4k


Fram til neste gong;

Ha ein fantastisk dag!
- Linda 

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling