Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Kvifor denne lidenskapen for å inspirera andre til å våga følgja draumen?

elsk deg sjølv følga draumen inspirasjon å våga Oct 29, 2020

Kva er det som driv meg?

Stundom har eg lurt på det, kva er det som driv meg?
Kvifor denne trangen for å inspirera andre til å våga følgja draumen?
Kvifor er nettopp dette så viktig for meg at eg vil bruka størstedelen av livet mitt på nettopp dette?
Kvifor handlar så mange av mine songar og dikt om nettopp dette?
Å våga.
Våga vera den ein er.
Våga å elska seg sjølv.
Våga følgja draumen!

KVIFOR?

Vel, idag tok eg meg tid til å fundera over dette.
Kor kjem det i frå?

Eg trur vel eg må tilbake til min barndom og mine eigne foreldre.
Særleg far min.
Eg trur vel ikkje han følgde sin draum, for å seia det sånn.
Og når eg ser kva det gjer med folk, og kva det gjorde med han, så vert eg trist.
Eg ser så altfor mange mister livsmotet, gleda, motivasjonen og entusiasmen når ein hamnar på feil hylla og i feilt spor.
Det er så lett å gjera seg til offer for omstendighetane og at ein vert offer i eige liv.

Eg ynskja ikkje å hamna der!

Og eg ynskjer ikkje at du skal hamna der heller.
Og aller minst at mine born hamnar der!

For særleg etter at eg fekk eigne born vart dette meir og meir viktig for meg.
Eg byrja tenka på ting som:
Kven skulle læra dei å våga følgja draumen om ikkje eg gjorde det sjølv?
Kven skulle læra dei å elska seg sjølv om ikkje eg gjorde det sjølv?
Eg har sjølv fått erfara kva lav sjølvfølelse førte til og kva situasjonar eg hamna i når eg ikkje sat høg nok pris på meg sjølv.
Ein kan lett verta offer for andre sine mindre gode hensikter og mindre gode val.

Dette er det siste eg ynskjer for mine born.

Eg ynskjer å læra dei å setja pris på seg sjølv.
Setja grenser, for det at dei kjenner at dei er verdt det.
Eg ynskjer at dei skal våga å visa kven dei er.
At dei skal våga å seia ifrå når noko urett vert gjort mot dei.
At dei skal våga å bruka sitt talent og følgja sin draum!

Då lyt eg gå føre med eit godt eksempel.
Eg vil at du og skal ha da bra.
Jo betre dei vi er glad i har det, jo betre har vi det sjølv.

Eg ynskjer at alle born skal elska seg sjølv, ha god sjølvfølelse og høg sjølvtillit.

Eg tenkjer at skal eg hjelpa flest born til å elska seg sjølv vil eg først utfordra mor til å gjere det same.
Jaudå, far og, men eg ser at eg treff flest mødre med mine bodskap, og difor har eg valgt å konsentrera meg om dei no i første omgong.

Så, er du mor, som ynskjer å læra korleis du kan gje dine born god sjølvfølelse og høgare sjølvtillit, så vil eg gjerne høyra frå deg.

Høyr gjennom podcastepisoden som er vedlagt her.

Gå så i spegelen og sei:
"HEI! (namnet ditt), eg elskar deg! Du er heilt fantastisk! OG vi skal ha den beste dagen ilag idag!!!"

Då er du i gong, og så går du til www.kvin.no og ser kva eg har laga til deg der.

Lukke til!

Beste helsing

Linda F.

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling