Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Eg gjekk vidare i Norske Talenter

linda fosse norske talenter Mar 19, 2019

Hei, kjære blogg-lesar!

- Ja, da er heilt sant!


Eg gjekk vidare i Norske Talenter 2019.

Eg hadde ikkje fått med meg at dei skulle igong igjen med ny runde,
og har vel aldri heilt tenkt at eg skulle meldt meg på heller.

MEN, for ei tid tilbake so fekk eg ein SMS frå produksjonsselskapet
som lurte på om Arne, sambuaren min som er motorsagkunstnar (motorsagkunst.no), ville søkja om å få vera med i årets runde av Norske Talenter.

Men han har vore med ein gong før og føler han ikkje får vist sitt talent på den korte tida ein får til rådighet, so han ville ikkje han stilla igjen.

 

"Vi hadde satt utrolig pris på om du ville spre ordet i deres miljø."

Spre ordet?

Då var da at da slo meg:

"KORTID, VISST IKKJE NO, LINDA?"

 

Eg kjente suget i magen, og "Jante-Linda" byrja straks å ytra seg.

Men eg heiv meg rundt og før ho rakk å få snakka meg frå da,
hadde eg slengte inn ein søknad.

 

"Jante-Linda" var i hardnisk!

"Kva er da du driv med!?!
Norske Talenter! Har da rabla fullstendig?
Snakk om å drita seg ut!"


Men eg høyrde på "Superpower-Linda" denne dagen, og tok sjansen.

Og berre for å ergra "Jante-Linda" ekstra mykje
skreiv eg eit dikt om hendinga som eg las opp
på Facebook Live rett etterpå eg hadde satt punktum!


HER kan du høyra diktet "Eg gjorde da".


Ha! Dar fekk ho!


Nokre veker etterpå fekk eg beskjed,.
Jau, eg var tatt ut til å koma på Pre-cast, so da heitte.
Eller førehands-audition.
Der skulle produksjonsselskapet vurdera om eg var bra nok til å få sleppa til foran sjølve  juryen.


Og no har eg fått beskjed: Du er vidare til Audition!


So no vert da altso Audition forran juryen ( Mia Gundersen, Bjarne Brøndbo, Janne Formoe og Mona Berntsen) laurdag 6. april i Bergen.
Dette er opptak, og eg har ikkje lov å seia noko etterpå den, korleis da gjekk.....

 

Men eg kjem til å halda deg oppdatert med da eg kan.

 

So langt er da "SuperPower-Linda"
som har hatt rett:

"Du er god nok!" -
"Du må våga for å vinna!"
"Da er ikkje da du gjer du angrar på, men da du ikkje VÅGAR å gjera!"

 

Ho har eit poeng! :)

 

Da handlar om å våga!

 

Tenk kor mange eg kan nå med mitt bodskap om eg får tid på skjermen?

Om eg kan inspirera berre EIN til å VÅGA meir.
Til å leva draumen. Til å våga og følgja den indre stemma, 
då har mitt liv vore ein suksess, tenkjer eg.

 

Ynskjer deg ein STRÅLANDE SUPERTIRSDAG!


Og, hugs å strekka komfortsona di du og!


Da kan anbefalast!

 

Klem frå Linda :)

PS. Kjenner du at du skulle hatt hjelp til å våga litt meir, smått eller stort, 
bestill ein GRATIS 30 minutters samtale med meg her: https://lindafosse.setmore.com/

 

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling