Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Tobarnsmora som tok draumen på alvor

foredrag kortid visst ikkje no? våga Mar 12, 2019

Songar, skodespelar og coach: Linda Fosse (47) har erfart kor viktig det er å ta draumen på alvor.

I foredraget "Kortid, visst ikkje no?" -lær å følgja ein draum-  fortél tobarnsmora frå Osterøy, utanfor Bergen, om tida då ho ikkje våga å følgja draumane sine.

- Da var skremmande å oppleva kva det gjorde med meg og ikkje følgja den indre stemma.

Men desto betre den dagen eg lot draumane få større spelerom, seier Linda Fosse, som no bur på ein økologisk gard på Vestlandet og føl draumen som artist, coach og tobarnsmor.

 

"Ikkje angra som 50-åring"

- Som yngst i ein søskenflokk på 4 har eg vore heldig og fått gjera mykje som eg sjølv vil. Eg har hatt både foreldre og søsken som har støtta meg i mine valg i livet, sjølv om dei ikkje alltid har vore einige i dei.

Eg hugsa at eg som 15-åring sa:
 "Eg skal iallefall ikkje sitja som 50-åring og angra på alt eg ikkje har gjort!"

-Ha, ha, ha. Når ein er 15 år ser ein gjerne på da å verta 50 år som "like før utsjekk" medan livet mellom 15 og 50 er uendeleg, ler Fosse.

- Dette synet har endra seg mykje med åra, men tanken på at ein skal leva medan ein kan har berre vorte sterkare og sterkare.

Om å mista gløden

- Men eg har ikkje alltid våga å følgja draumar.
Eg opplevde ei tid i livet då eg lot andre personar med sterke meiningar få bestemma kva eg skulle fylla livet mitt med.

- Eg vil ikkje klandra desse personane, for eg lot dei jo få styra, fortél Linda.

-Men eg merka at gløden fortsvant og at eg mista meg sjølv, litt etter litt, seier Fosse. 

Vener som reagerte

Sjølv merka ho ikkje endringa så mykje som dei rundt ho.

- Da er som når ungane dine veks opp, du ser ikkje endringa frå dag til dag, men ser du eit bilete frå fire år tidlegare ser du ei vanvittig endring.

Sånn beskriv Fosse si endring og.
- Den kom litt etter litt, men vener som ikkje såg meg så ofte opplevde ei større endring. Dei reagerte.
So såg eg med og tilbake.

"Kor vart da av meg og mine draumar, eigentleg?"
- Eg hadde gått på altfor mange kompromiss og kjente meg sjølv eigentleg ikkje heilt att.

Vendepunktet

- Ein klok mann sa ein dag til meg at:

"Enten må du gjera det du likar eller so må du lika da du gjer."

"Ditt liv er ditt ansvar!" 

Då kom vendepunktet!
-Noko skjer den dagen du innser at da berre er du som faktisk er ansvarleg for korleis du har da. Da er dine valg og desse kan du halda fast ved eller velga å endra. 

Vegen til eit draumefylt liv

Etter denne "openbaringa" skjøna Linda at ho måtte gjera nokre nye valg.

- Eg måtte kutta nokre band og knyta nokre nye.
Eg måtte finna att gløden og den eg verkeleg var og finna fram igjen til det eg elska å driva med. Dette var ein særs sjølvutviklande veg og mange kjenner seg att når eg tar dei med på denne reisa i foredraget mitt.

-Kva grunnen er til at ein mister seg sjølv og lar seg diktera av andre?
Lav sjølvfølelse! - seier Linda kontant.
- Du må læra å elska deg sjølv som din neste.

Sjå foredraget heima, gratis

Fosse har kasta seg på webinar-bølga og du kan no oppleva foredraget -
"Kortid, visst ikkje no - Lær å følgja ein draum"
 heima frå di eiga stove.

- Eg synest da er fantastisk at eg kan nå ut med historia mi til heile Noreg frå mi eiga stove.
Eg håpar at andre vil finna inspirasjon og læring i foredraget og at nokre våga å ta fram sin eigen draum, uansett størrelse, og kjenner på gleda ved å gjera det, seier tobarnsmora som har ein lidenskap for å få fleire til å våga å følgja draumane sine.

- For dei som vil høyra kva eg gjorde for å våga og følgja mine draumar og gjerne bli inspirert til sjølv å ta steget mot eigne draumar, er dette foredraget midt i blinken.

Foredraget er gratis for deg som vil sjå det via internett.
-Har du tenkt på kva da vil gjera med deg om du ikkje vågar å følgja  draumen din?
- avsluttar Fosse.


Vil du ha beskjed kortid neste foredraget er?

Trykk på knappen under.

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling