Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

SENSUR - Demokratiets fall?

sensur Apr 24, 2020

 

SENSUR!

I dag måtte eg engasjera meg i det som skjer med tanke på sensur.
For meg er det alarmerande kva som idag er godtatt av sensur på verda sin største sosiale media-plattform.
Ja, den med den blå F-en.
Kor namn bør vera usagt.

Lytt til dagens podcast og gjer deg opp di meining.
Eg går ikkje i djupna idag, men om dette held fram, ser eg vel ikkje noko veg utanom.
Vår ytringsfridom er noko eg ikkje gjev frå meg utan vidare.
Og det burde ikkje du heller.

Ikkje la frykt skremma deg til å gje den frå deg!

Ver så snill!

Folk flest veit kanskje ikkje at det er nokre få store aktørar som eig og styrer det meste.
Eg skal ikkje gå inn på det her, men oppmodar deg til å byrja grave litt i kven som t.d. no skal bestemme kva som er lov å skriva på denne før omtalte plattformen.

Kven står bak sensuren?
Kven er eigarane i dette firmaet?
Kven set i styret?
Kva andre styrer set dei i?
m.m.


VAKN OPP
-og følg med!
Les deg opp!

Mykje vert meiningslaust om me ikkje har fridomen vår
og lov til å meine det vi vil!
Det er ikkje demokrati!

Det er DIKTATUR!

LYTT GJERNE TIL DAGENS PODCAST-EPISODE:

 


Her kjem dagens dikt, som kom ut av dette:

VAKN OPP! 

No må du vakna og sjå kva som skjer.

Det er rett og slett farleg no, det som dei gjer.

 

Forskarar og andre som har nytt og fortelja

vert stoppa av desse for at du skal ´kje velgja.

 

Dei seier: "Vi veit ditt beste. Ikkje tvil på vårt ord.

Det er våre ekspertar som kan alt her på jord."

 

"Det er vi som har makta som og set agenda.

Berre gjer som vi seier, så vil det bra enda."

 

Men kva skjer når vi kneblar det frie ord?

Kva skjer når nokre bestemmer sanning på jord?

 

Kva skjer når vi gjev frå oss den retten vi har

til å seia vår meining. Er du verkeleg klar?

 

Er du klar for å sitja stille og sjå

at vår rett til å meina noko vert tråkka på?

 

Er du klar for å la sensuren regjera

eller vil du stå opp og på det sterkaste protestera?

 

Vakn opp og sjå kva som verkeleg skjer.

Det er galt, det er farleg det som dei no gjer!

 

Skriv gjerne til meg på
[email protected]
om du har innspel.


Beste helsing

Linda Fosse​ - 24. april 2020 

 

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling