Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Ikkje BÆrekraftig lenger!

dikt Jun 25, 2020

Eg veit ikkje heilt kva som skjer for tida.
Men det som skjer, skjer fort og det meste er for meg heilt blotta for sunn fornuft.

Vindturbinar skal få rasera naturen vår for all ettertid, for at utanlandske investorar skal gå seirande ut av spelet og vi set att med skjemd natur, øydelagde fuglebestander og tap av store naturressursar.
Dumping av gruveavfall i våre fjordar, så både fisk og anna døyr, og så, toppen av kransekaka:
Norske husdyr som i århundrer har sørga for landsskapspleie av kulturlandsskap og gjeve oss sunn god mat;
- No er dei farlege å ete og ikkje nok med det:
Dei er farleg for miljøet!

Ku-promt og sauerap må vekk, for no skal me redde miljøet.
Har alle vorte #miljøsprø ?

 

Dagens oppslag på NRK fekk meg til å skriva følgande dikt.
DEL gjerne om det fell i smak!

 

Ikkje bæ-rekraftig lenger!

Når ein trudde at bunnen var nådd
var det visst enno langt igjen.
No er det sauen som må til pers.
Eit natursvin i li og i grend.

Ein miljøsabotør av verste sort!
Sarvar lufta for meg og for deg.
At han no må vekk det skjønar jo alle!
Han er lika farleg som kveg.

Ein sann vandalist som jobbar i flokk.
Ein ulv i fåreklé.
Drep han! Stopp han! Vi kan ikkje ha han!
Han drit jo naturen vår ned.

Nei, vi vil ha byar i rein betong
fri for ku-promp og giftig rap.
Vi er tross alt i det grøne skifte.
Dette er vitenskap!

Skal vi redde kloden må vi ofra nokon
og då må dei verste gå først.
Så Lambi vi legg på det grøne alter
sidan hans utslepp er størst!

No skal dei først måla kor mykje gass
som kjem i frå sau og kveg.
Så er det å håpa at jorda er redda
før dei skal måla meg og deg!

Linda Fosse 25. juni 2020

 

Her er link til oppslaget på NRK.
https://www.nrk.no/osloogviken/vil-redusere-metanutslipp-fra-rapende-sauer-1.15066443

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling