Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Kva hindrar deg?

dikt inspirasjon kva hindrar deg linda fosse å våga Aug 08, 2018
 

Kva hindrar deg?

Kva hindrar deg i å følgja den draumen du har?
Kva hindrar deg i å følgja dei ukjente far?
Kva hindrar deg i å velja og sleppa taket
på det som du ikkje vil ha tilbake?

 

Kva hindrar deg leva eit liv du fortjena,
der du er ei dronning, og ikkje ein tjenar?
Der du set agendaen. Tar roret i famn
og loser deg sjølv til di riktige hamn.


For dagane går medan du sit og ser
på at skuta ho seglar. Men kor er da ho fér?
Om du ikkje tar roret so hamnar du lett
på eit skjer eller ein holme som ikkje er rett.

 

Du må våga ta ansvar. Våga følgja din veg
og finna den hamna som er riktig for deg.
Den stranda og hamna som kjennes so rett,
der du lever og veks og er glad, rett og slett.

 

Berre tanken på stranda gjer at da kriblar i kroppen.
No er da du som er skippar! Du står der i toppen
av masta og skoda mot den ukjente lei.
Du veit kursen er rett. Da her er din vei.

 

Da kriblar! Du ventar på å stiga iland.
Da skal verta so godt når du ein dag kjem fram.
Og når du står der på stranda då er stormane gløymd.
Du valgte DEG! No er draumen di røynd!

Linda Fosse

 

TRYKK PÅ SUBSCRIBE FOR Å FÅ MELDING OM NESTE DIKT / INSPIRASJONESVIDEO

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling