Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Lyder det kjent? Og brått har det vokse og det er berre rot?

endring vaner Jul 02, 2020
 

Skal du endra livet ditt må du byrja med dei små tinga i kvardagen.
Ikkje utsetja alt og la dei ligge der - enn så lenge....

Dagens podcast-episode er for deg som vil verta bevisst kva du gjer i kvardagen, og korleis det kan påverka framtida di.
Gjer dei små endringane idag og sjå kva dei betyr for deg og framtida di.

Livet er her og no. Det vert ikkje betre enn dette om du ikkje er det bevisst.
Du får ikkje eit anna resultat i framtida enn det du har idag om du ikkje endrar det du gjer idag.
Så enkelt og så vanskeleg.

Men det kan du gjera ved å gjera små endringar i kvardagen.

Bli bevisst kva du legg frå deg i gongen eller kva du ikkje fullfører og tenkjer "Eg legg det her "ENN SÅ LENGE..."
Då kan du vera sikker på at du ikkje lever i pakt med "HER OG NO"
I så fall må du ha eit konkret svar på spørsmålet "Kortid, visst ikkje no?"

Har du ikkje det, veit du at du er på ville vegar.

Dette kan du høyra meir om i  dagens episode.

God fornøyelse!

Treng du hjelp til endring?
Bestill GRATIS kartleggingstime her: https://lindafosse.setmore.com/

 

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling