Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Ein plate-draum vart røynd. Kva med deg? Kva er din draum?

cd draum linda fosse Aug 19, 2020
I 2005 gav eg ut mitt første album.
(Og einaste, så langt. ;) )
 
"Eit eventyr" såg dagens lys i mai det året.
Eg var mektig stolt.
Endeleg gjekk ein draum i oppfylling.
 
Eg hadde komponert 12 melodiar til dikt av Aslaug Låstad Lygre. (Ho som skreiv "Vi skal ikkkje sova bort sumarnatta", veit du.)
Eg hadde klart å få inn sponsorar og fått organisert det heile med arrangør og musikarar. Laga cover. Fått kunstnar til å laga bilete til kvar tekst som var med i "book let-en".
 
Plata var spela inn i NRK Hordaland sine studio.
Teknikkar var Njål Mangersnes.
Produsent var Leif-Egil Vatnøy.
"Superprodusenten" <3
 
Du og du for ei fantastisk tid det var.
Den tida i studio.
Då ein kunne bruka ein heil dag på berre ein song.
Lytta, Justera. Gjera opp att. Le. Syngja igjen.
Til ein til slutt var nøgd og kunne gå heim og glé seg til neste dag i studio.
 
Det var trygt å vera i studio.
 
Men, kva vil dei på utsida seia om plata?
Etter denne trygge tida hugsar eg at det var skummelt og skulle sleppa mitt "førstefødte barn" ut bland folk.
 
1. mai 2005 var det konsert og slepp-fest i ungdomshuset på Lindås.
Eg minnast at både ordførar, sponsorar, familie og andre støttespelarar var tilstades. Og bygdafolk. Full sal, faktisk.
 
Eg var spent!
Mottakinga var fantastisk!
Eg svede!
 
Titelsporet gjekk rett inn på 4. plass på Norsktoppen.
Foran Øystein Sunde!!!
Du hendelse so stolt og glad eg var.
 
"No er da berre å lena seg tilbake og venta på å verta oppdaga!"
 
"No er eg verkeleg artist!"
 
"No kjem jobbane til å koma av seg sjølv!"
 
Eg kunne ikkja tatt meir feil.
 
Når eg 15 år seinare ser tilbake på tida som har gje og kva det eigentleg innber og vera artist, er det alt anna enn å lena seg tilbake og tru at om ain gjer ut eit album går ting av seg sjølv.
 
Det er beinhard jobbing.
 
Og det viktigaste:
DU MÅ KUNNA HALDA UT!
 
Du må vera så bestemt på kor du vil og kva du vil at du veit at uansett kva som skjer so kan eg ikkje gje meg.
 
OG DU MÅ VÅGA!
 
Våga å selja deg ut.
Våga å seia at du er god.
Våga å ta betalt.
Våga å spørja om sponsorar.
Våga å visa kvan du er og at du er her.
 
Det er ein lang veg å gå.
Ei reisa i sjølvutvikling og sjølvinnsikt.
Men om ein våga, veks ein.
Det er tilfredsstillande.
 
Du lære deg å vera kreativ.
 
Når du får Covid-19 midt i fleisen må du evna og tenkja nytt og snu deg rundt for å finna nye vegar å gå.
Nye måtar og vera artist på.
 
Eg har vore heldig som dei siste åra har lært meg digitale verktøy som gjer at eg óg kan leva som artist i ei online tid.
 
No står nye draumar for tur.
Gler meg til tida som kjem og tenkjer at at eg har livet foran meg.
 
Og plata frå 2005?
 
Den finn du på Spotify, iTunes og andre digitale musikk-stader.
Ta deg gjerne tid til å lytta til spor nr. 3.
"Eit eventyr".
Den handlar om sjølve livet.
 
Ha ein makalaus dag og følg draumen!
Hugs at du har livet foran deg.
 
Beste helsing

Linda F.
 
Ps.
Bestill deg ein GRATIS time med meg.
La oss leggja planar for din draum i dag.
 
 
 
 
 

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling