Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

"Då svaret kom, kom tårena!"

Nov 22, 2019

Da som eg vil skriva om i dagens blogg er ei tårevåt oppleving eg hadde for ei lita tid tilbake då eg fekk coaching av Leni Christine Jebsen. Min fantastiske coach hjå C-Momentum AS.

Eg har no fått coaching av Leni sidan slutten av august og da er heilt fantastisk!

Visst du lurar på kva ein coach gjer, so er da kort fortalt:

- å finna det målet som er rett for deg
- å halda deg på den rette vegen mot målet ditt.
- å stilla deg dei gode spørsmåla som gjera at du finn ditt eige gull.

Og, da viktigaste av alt:
Ein god coach skal kunna sjå heile deg og klara å stilla dei spørsmåla som gjera at du evnar å sjå kven du verkeleg er!
Dei som gjer at du finn fram kvalitetar og styrke du sjølv ikkje trudde eller visste at du hadde.

 Og da var akkurat da som skjedde denne dagen


Leni byrja å stilla spørsmål.
Spørsmål eg gjerne unngår å stilla meg sjølv.
For eg har ikkje tid.
Eg har da so travelt med alt eg skal rekkja.
Med alt som må gjerast.

So travelt opptatt at ein ikkje evnar å stoppa opp og sjå om eg har satt livets stige på rett stad.

Om eg er i feil stige
eller i rett stige, men oppetter feilt hus?
Ser du bilete?

Eg var sikker på at eg ikkje var i feil stige, eigentleg.

Men problemet mitt var at eg hadde so mange stigar at eg hadde mista oversikta over kva stige som var den viktigaste.
Den viktigaste stigen som eg starta å gå i med ivér og glede, og som gjorde at sjela song når eg gjekk i den. Den hadde vorte borte i ein skog av andre stigar.

Eg hadde msita kursen og gløymt kva da verkeleg var som eg elska å gjera.

Leni spørte meg mange spørsmål og eg svarte etter beste evne.
Så kom spørsmålet:
"Kva er da du verkeleg ikkje vil mista? Kva er da som ligg ditt hjarta aller nermast? Kva står høgast?"

Svaret som kom overraska meg stort!

Min rasjonelle hjernehalvdel ville nok svart det som dei fleste som kjenner meg ville svart:
Songen!
Men da var ikkje det ordet som kom.
Heller ikkje å stå på scena eller læra folk å få tru på seg sjølv.

Da var å skriva!

BANG!

To ting gjorde meg overraska.
1) Svaret
2) Min eigen reaksjon på svaret.

For i same sekund som da vart sagt byrja tårena å renna.

"JanteLinda" freista få meg til å skamma meg over det, men denne dagen nådde ho ikkje gjennom.
Tårena fekk renna og eg måtte undrane sitja att og lura på kva var da som skjedde no?

Om du visste i kor mange år eg har skrevet utan at eg har tenkt på at det er noko ein kan sei at ein kan og gjer, hadde du vorte overraska.

Eg hugsar ein kabaret eg var med i på 90-talet.
Venninna mi kom til Moss på premiera, for eg hadde jo sagt eg skulle vera med.
Men ho var jo i sjokk når ho fekk programmet og da viste seg at eg hadde skrevet over halvparten av showet.
"Ja, nei, da er no berre noko som kom til meg medan me jobba med kabareten...."
Da skulle gå neste 20 år før eg våga å sei at eg var skribent/diktar/tekstforfattar.
Og da er mesta so da ikkje kjennest heilt rett ut no heller.

Men 1. mai skal eg iallefall stå på den store scena i Grieghallen, med mange av mine eigne tekstar.
Eg skal til og med tøffa meg skikkeleg og ha mine eigne melodiar til og!
Da har "Superpower-Linda" sagt at eg kan!

Kvifor tårena kom når svaret mitt kom so overraska, heng nok saman med at eg veldig lenge har undertrykt dette med skrivinga. At da har vore so viktig for meg, men at eg ikkje har annerkjent da heilt.

Veldig interessant var da iallefall, og da har resultert i at eg no prioriterar og bruka meir tid på skrivinga. Noko som eg kjenner gler meg langt inn i sjela.

Me er jammen rare skapningar!

Men eg har iallefall lært å bruka litt meir tid på å lytta innover, og ikkje berre storma opp i ein stige før eg sjekkar kva stige det er og kor den står.

Og so er da godt å ha ein coach som passar på at ein ikkje går til feil stige
og som stiller dei gode spørsmåla!

Linda F. 

PS.
Bill. for å oppleva tekstane og songane mine i Grieghallen 1. mai kan du sikra deg her:

https://www.ticketmaster.no/event/linda-fosse-billetter/618111

 

Vil du følgja din draum?

Bestill ein time og la oss få deg i gong.
Kortid, visst ikke no?

Gå til gratis timebestiling