Ep. 3 Inspirasjon og motivasjon -Historien bak «Kortid, visst ikkje no?»
Korleis diktet gjekk frå dikt, via song til show, og no til Podcast og kurs.
Sendinga vert avslutta med opplesing av diktet "kortid, visst ikkje no?"
Vil du lasta ned diktet?
Gå til: www.lindafosse.no
Kortid, visst ikkje no?
Kortid passar da
å ta tak i draumen din,
visst ikkje no?
Kortid passar da
å unna seg da besta,
visst ikkje no?
Kortid passar da å seia,
”Eg elskar deg!”
Springa barbeint i graset
på livets veg,
visst ikkje no?
Kortid skal du slutta
å bry deg om kva alle andre syns,
visst ikkje no?
Kortid skal du elska deg sjølv
for den du er,
visst ikkje no?
Kortid skal du våga
å visa ditt sanne ”Eg”,.
Den som du verkeleg er,
som er heile deg,
visst ikkje no?
Eg undrast berre på om du også kjenner
At livet mesta renn ut mellom hender
som sand i eit timeglas.
Brått er det tomt.
Utanfor glar sola. Snart er da skumt….
Du kan ikkje venta i all æva.
Så
-kortid skal du våga å leva,…..
- visst ikkje no?
-Linda Fosse 2012-
Join Our Free Trial
Get started today before this once in a lifetime opportunity expires.