Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Ep. 12. Inspirasjon og motivasjon Urframføring av ny melodi!

Sesong #1 Episode #12

"Kor skal du gå?"  
Idag får du høyra ein heilt ny melodi til ein tekst eg har laga.
La meg gjerne høyra ifrå deg, kva du synest.

Kva har du våga?

Eg har våga å bestemma meg for at på mitt neste show
skal eg stilla med berre mine eigne tekstar og melodiar!
Nesten.
I alle fall mykje meir enn eg har gjort før.

Følg med på www.lindafosse.no for billettar til Grieghallen 2022!


«Kortid, visst ikkje no?"- Podcast kan gje deg det sparket du treng for å våga følgja draumen.

Få med deg denne sjeldne podcasten av artist, mentor, coach og 2 barnsmor Linda Fosse for inspirasjon, motivasjon og hjelp til å våga følgja din draum.

Sendingar, stundom ispedd songar, tekstar og poesi, gjer dette til ein ærleg og unik podcast for deg som vil veksa og våga meir, og for deg som vil følgja draumen.


Vil du booka time med meg, gå til: HER

FØLG DRAUMEN!

Kortid, visst ikkje no?