Dette vil du læra
- Korleis bytta ut din indre kritikar med ein indre heiagjeng.
- Korleis du vågar meir
- Korleis du unngår å stoppa deg sjølv heile tida
- så du kjem deg raskare mot målet og draumen.
Du vert i stand til å våga uendeleg mykje meir når du har større tru på deg sjølv og det du held på med.
Bli med på LIVE webinar - heilt gratis
Torsdag 30. september,
kl. 20:00
00
DAGAR
00
TIMAR
00
MIN
00
SEK

EG ER ARTIST OG GRÜNDER
Heile livet har eg hatt ein draum om å vera artist.
Jaudå.
Eg har vore artist.
Men ikkje ein sånn artist som eg drøymde om å vera.
Ein artist som frå ei scena inspirerte tusenvis til å våga følgja sin draum og som hjalp dei med å lukkast.
Ein inspirasjonsartist.
Det våga eg ikkje.
Motet svikta og eg holdt meg stort sett til det trygge.
I hovudet svirra setningar som:
- Du skal ikkje tru at du er noko!
- Trur du verkeleg at du kan læra andre noko!
- Kva vil ikkje andre tru om deg?!
- Inspirasjonsartist - DU !?!
- NO DRIT DU DEG UT!
Skulle eg verkeleg forlata dette livet med denne uforløyste draumen framleis inni meg?
NEI!
Eg kjente det i magen!
Nei, det skal du ikkje!
Frå den dagen bestemte eg meg for å gjera ei endring!
Eg heiv meg på fleire kurs som skulle hjelpa meg å lukkast både med å selja både meg sjølv og mine tjenester som inspirasjonsartist.
Men eg klarte ikkje få det til.
Etter nokre år som gründer skjøna eg at det ikkje var logo-en, websida eller produktet som var problemet.
Det var meg.
Eller rettare sagt korleis eg såg på meg sjølv.
Eg måtte læra å få trua på meg sjølv og at det eg gjorde var godt nok.
ENDRINGA
Lang historia kort.
Etter å ha testa ut ulike "guruar" fann eg til slutt ein metode som hjalp!
Resultat:
EG LEIGDE GRIEGHALLEN
#Inspirasjonsartisten var fødd.
KORLEIS
Kva eg gjorde og korleis du kan gjera det same for å våga meir får du svar på denne kvelden.
Du har trua på deg sjølv når:
- Du vågar å setja deg store mål og går for dei!
- Du kan stikka deg fram utan å føla ubehag!
- Du ikkje lar redsla for kva andre vil seia stoppar deg i å gå for draumen.
Bli med og få trua på på deg og ditt.
- Så du vågar meir og lukkast med draumen din!