Om Linda Fosse

Utøvande- og skapande scenekunstnar, songar, skodespelar, poet, komponist, tekstforfattar, formidlar og coach. #inspirasjonsartisten

"Du må våga meir.
Det er no du lever!"

Med sine fengande songar, innhaldsrike dikt og kvardagslege betraktningar nyttar Linda sine sterke sider som artist, coach og skapande kunstnar for å formidla innsikt, kunnskap og refleksjonar som løftar, underheldt og inspirerar deg.


"Rota til alt vondt, er rotløysa."
- I ei tid i stadig raskare endring er viktig at vi veit kven vi er.

At vi tar med oss røtene og verdiane våre og at vi bringer kulturarva vår vidare til komande slekter så dei og kan stå støtt.- seier Linda.
Sjølv har ho gjort dette m.a. med jobben ho har gjort med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre samt kulturarva etter Medaas, Kleppevik og Salhuskvintetten. 

Linda er Noregs første vinnar av Medaasprisen.

 

"En artist som rører en ved sjela både med sine tekster og med sin klokkeklare, vakre og kraftfulle stemme og tilstedeværelse."

- Publikumar, dame 48 år. 

 

Ei aktiv karriere

Linda har dratt i gong både poesifestivalar og musikalar, har sunge for Kongen og Dronninga og har fått satt opp sine eigne stykker både på Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo.
Ho har óg jobba aktivt med salg og marknadsføring samt holdt eigne nettbaserte opplæringsprogram i både song og vågemot.

"Ikkje ver så opptatt av kva andre måtte meina om deg. Våg å gå din eigen veg. Det er ditt liv og det er no du lever!" - Linda Fosse


I Grieghallen  15. januar 2021 kan du oppleva Linda Fosse i "Kortid, visst ikkje no?".
Ei konsertforestilling om å våga følgja draumen og korleis koma i mål
.

BESTILL BILLETTAR TIL GRIEGHALLEN 15. JANUAR HER

Les meir om"KORTID, VISST IKKJE NO?"
Konsertforestillinga  i Grieghallen 15. januar 2021

OM KONSERTFORESTILLINGA I GRIEGHALLEN 15. JANUAR
Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.