Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?
- KORLEIS VÅGA FØLGJA DRAUMEN -
Konsertforestillinga for deg som vil læra å våga!
Noko av det Linda Fosse har jobba med dei seinare åra er å inspiera andre til å våga meir. Særleg kvinnelege gründerar og artistar, men óg den "vanlege mann gata" har funnet stor inspirasjon i Linda sine songar, dikt og konsertforestillingar.
No er ho klar med ei heilaftens musikalsk oppdagelsesreisa om kva som skal til for å våga og gå for ein draum.
Om korleis våga å gå frå det trygge og vande til det å kasta loss og la det stå til.
På scena 1. mai står Linda Fosse, ein stødig artist og formidlar som med si klokkeklare, kraftfulle røyst og sitt tydelege nærver evnar å inspirera oss til å våga.
Med musikalske perler og eigne tekstar, dikt og songar tar ho oss med på ei reisa der det å våga og gå for ein draum vert satt på prøve, men har óg ei løysing.
Saman med eit framragande orkester og modige gjestar er det duka for ein kveld der vågemot og inspirasjon står i høgsetet.
Denne konsertforstillinga er Linda sin unike måte å inspirera deg til å våga meir og lukkast i å leva draumen.
Kjøp billettar herRegi: Kate Elin Samuelsen
GJESTAR:
Lothepus
Dag Lindebjerg og Elin Knag
Ingrid-Merete Berget
MUSIKARAR
Frode Skag Storheim - Piano
Morten Færestrand - Gitar
Peter Sæverud - Bass
Stian Villanger - Trommer
Osterøykoret under leiing av Jon Flydal Blichfeldt
Varer i 2 t inkl. pause
BESTILL BILLETTAR TIL 1. MAI HER
Songar, skodespelar, komponist, poet, foredragshaldar, coach, gründer, kulturberar og Noregs første Medaasprisvinnar:
- med ein lidenskap for å inspirera folk til å våga.
På Vestlandet er ho mest kjent for arbeidet med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre ("Vi skal ikkje sova bort sumarnatta") samt ulike konsert- og musikaloppsetningar.
Ho ivrar for å halda levande arva etter andre vestlandsartistar som har våga. T.d. Ivar Medaas, Johannes Kleppevik og Salhuskvintetten.
Hennar sceniske utstråling og tydelege formidlingskraft er blandt Linda sine varemerker.
Dei seinare åra har ho vorte mest kjent for sine treffande tekstar som inspirerer til å våga og gå for draumen.
"Kortid, visst ikkje no?"
"Det er no du lever!" - Linda Fosse
Opplev Linda i Grieghallen 1. mai!
Bestill billettar her!Kortid passar da
å ta tak i draumen din,
visst ikkje no?
Kortid passar da
å unna seg da besta,
visst ikkje no?
Kortid passar da å seia,
”Eg elskar deg!”
Springa barbeint i graset
på livets veg,
visst ikkje no?
Kortid skal du slutta
å bry deg om kva alle andre syns,
visst ikkje no?
Kortid skal du elska deg sjølv
for den du er,
visst ikkje no?
Kortid skal du våga
å visa ditt sanne ”Eg”.
Den som du verkeleg er,
som er heile deg,
visst ikkje no?
Eg undrast berre på om du også kjenner
At livet mesta renn ut mellom hender
som sand i eit timeglas.
Brått er det tomt.
Utanfor glar sola. Snart er da skumt….
Du kan ikkje venta i all æva.
Så
kortid skal du våga å leva,
- visst ikkje no?
Dikt av Linda Fosse