EIT VÅGESTYKKE AV OG MED LINDA FOSSE
Med ein lidenskap for å inspirera andre til å våga meir går artist Linda Fosse for sitt eige hårete mål: FYLLA GREIGHALLEN!
"Å fylla Grieghallen, som er den største konsertsalen i Bergen,
- og samstundes inspirera andre til å våga meir er jo ein heilt vill idé for ein einsleg, relativt ukjent artist. Men skal ein inspirera andre til å våga meir må ein jo våga sjølv og." -seier Linda.
Med ei heilt nye konsertforestilling er ho klar for å ta publikum med på si oppdagelsesreisa i tvil, frykt og vågemot. Frå ein vill idé heilt fram til ei endeleg realisering.
Dette skreiv pressa etter den forrige konsertforestilinga til Linda Fosse, «Kortid, visst ikkje no? Skal ein våga å følgja ein draum?», som hadde premiere på den på Den Nationale Scene i Bergen i 2014:
«Meisterleg framført. Så morosamt tatt på kornet at folk i salen brølte av latter.»
Denne konsertforestillinga vart sidan spela på ulike scener i Noreg til ståande applaus.
På scena 29. januar 2022 står ein stødig formidlar, som med si klokkeklare, kraftfulle røyst, si særeigne utstråling og sitt tydelege nærvær ynskjer å inspirera oss til å våga meir.
Saman med eit framifrå orkester, modige gjestar,
musikalske perler og eigne tekstar tar ho oss med på ei modig og underhaldande reisa, og gjev oss samstundes kartet vi sjølv kan følgja
for å våga meir og følgja ein draum.
Av og med
LINDA FOSSE
#inspirasjonsartisten
Regi: Kate Elin Samuelsen
GJESTAR PÅ SCENA:
Lothepus - om å våga vera den ein er.
Dag Lindebjerg og Elin Knag - om det å våga i vaksen alder
Ingrid-Merethe Berget (Sov Godt™ Podcast) - om å ikkje omfavna hindringar som byr seg
MUSIKARAR
Frode Skag Storheim - Piano
Morten Færestrand - Gitar
Peter Sæverud - Bass
Stian Villanger - Trommer
OSTERØYKORET - under leiing av Jon Flydal Blichfeldt
Bill. på Ticketmaster
BESTILL HER"Du kan ikkje venta i all æva.
Så kortid skal du våga å leva,
- visst ikkje no?" - L. F.
Songar, skodespelar, komponist, poet, foredragshaldar, coach, gründer, kulturberar og Noregs første Medaasprisvinnar:
Linda Fosse har vore frilans artist i meir enn 20 år og er i tillegg utdanna inspirerande coach.
Hennar varme, klåre røyst, sceniske utstråling og tydelege formidlingsevne er blant Linda sine varemerker.
Ho vert av andre skildra som ei blanding av Herborg Kråkevik og Barbra Streisand med eit hint av Edit Piaff og Sissel Kyrkjebø.
Som artist vart ho tidleg kjent i lokalmiljøet som visesongaren med gitaren. Seinare vart ho kjent for arbeidet med lyrikken etter vestlandsdiktar Aslaug Låstad Lygre ("Vi skal ikkje sova bort sumarnatta") samt igongsetjing av konsertar, musikalar og festivalar.
Ho ivrar for strilekulturen og er den første i Noreg som fekk Medaasprisen.
No lever Linda av å inspirera folk som treng å våga meir for å kunna realisera draumen dei ber på.
OPPLEV LINDA FOSSE I GRIEGHALLEN LAURDAG 29. JANUAR 2022
av Linda Fosse
Kortid passar da
å ta tak i draumen din,
visst ikkje no?
Kortid passar da
å unna seg da besta,
visst ikkje no?
Kortid passar da å seia,
”Eg elskar deg!”
Springa barbeint i graset
på livets veg,
visst ikkje no?
Kortid skal du slutta
å bry deg om kva alle andre syns,
visst ikkje no?
Kortid skal du elska deg sjølv
for den du er,
visst ikkje no?
Kortid skal du våga
å visa ditt sanne ”Eg”.
Den som du verkeleg er,
som er heile deg,
visst ikkje no?
Eg undrast berre på om du også kjenner
At livet mesta renn ut mellom hender
som sand i eit timeglas.
Brått er det tomt.
Utanfor glar sola. Snart er da skumt….
Du kan ikkje venta i all æva.
Så
kortid skal du våga å leva,
- visst ikkje no?