Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Konserten "Dar kjem Dampen" har vorte elska av sitt publikum heilt sidan premiéra i 2011.

Her er du garantert å få oppleva god stemning med mange gode historiar og allsong til kjente og kjære songar frå ei svunnen tid!

Med Linda Fosse - Noregs første Medasspris-vinnar!

Få tilsendt info og ledige speledatoar

"Terningkast 6 fra odinsvei! Damen var aldeles nydelig og kontakten med publikum var kjempefin og alle de gamle var enige om at denne damen var enestående flink og hadde en fantastisk stemme. Dessuten var dette noe nytt og aldeles anderledes, og dette gikk rett hjem hos alle, både unge og gamle. Alt i alt en minneverdig opplevelse!"

Odinsvei
Bosenter og sykehjem - Bergen Kommune

"𝐃𝐚𝐫 𝐤𝐣𝐞𝐦 𝐃𝐚𝐦𝐩𝐞𝐧"

Bli med på ei musikalsk reisa tilbake til ei tid då båten til Byd´n gjekk på damp, folk sprang i tresko og alle elska  gryta hennar mor.

🎶🔔𝐆𝐀𝐑𝐀𝐍𝐓𝐄𝐑𝐓 𝐆𝐎𝐃 𝐒𝐓𝐄𝐌𝐍𝐈𝐍𝐆 𝐎𝐆 𝐇Ø𝐆 𝐀𝐋𝐋𝐒𝐎𝐍𝐆-𝐅𝐀𝐊𝐓𝐎𝐑!🎶🔔

Om "Dar kjem Dampen"

Songar og skodespelar Linda Fosse tar deg med på ei musikalsk reisa med ”Gamle Dampen” i vår rikholdige kystkultur.

Du får i tillegg til "Dar kjem dampen" også oppleva ”Oldefar”, ”Utsikt frå Fløyen” og ”Gryta hennar mor” m.m. i denne humørfylte  "mimrestunda" på omlag 45 minutt.

Kjente og kjære songar av Johannes Kleppevik,  Salhuskvintetten og Ivar Medaas.

Korleis starta da heila eigentleg med denne songen som gjorde Medaas´en so kjent?
 
Du vert invitert med i engasjerande allsong og blir tatt med tilbake til ei svunnen tid du minnast so vél.

"Brukerne ble revet med i stykket og engasjerte seg."

Miljøtjenesten i Bergen
Bergen Kommune

"Det var veldig gøy, hun var flink til å få de med, de som ville kunne synge med på de sangene som de kunne, og det gjorde de. Veldig god respons."

Arna Eldresenter
Bergen Kommune

Om artisten Linda Fosse

Linda er den første vinnaren av Medaasprisen i Noreg.

Den fekk ho m.a. for å vera ein artist i Ivar si ånd, samt alt arbeidet ho har gjort med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre.

"Linda er Noregs fremste tolkar av dikta til Aslaug Låstad Lygre" - Dag Lindebjerg

Linda har meir enn 25 år bak seg på dei skrå bredder og har sunget for både Kongen og Dronninga, har opptredd med artistar som Herborg Kråkevik,  Elisabeth Moberg og Rein Alexander. Vore med i musikalar, show og teaterframsyningar. Vore på Norsktoppen, mottatt målpris og turnert landet på kryss og tvers med ulike oppsetningar.

Ho har framført sine eigne stykker både på Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo, samt på Ole Bull Scene i Bergen. 

I juni 2023 leigde ho heile Grieghallen der ho framførte sitt eige show "Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?".
Regi var ved Agnete Haaland. 
Lothepus, Cecilia og Dag Lindbjerg m.fl.

 

Andre produksjonar

av og med Linda Fosse

Ei musikalsk framsyning om Aslaug Låstad Lygre sitt liv og diktning.

Framsyninga har gått sin seiersgang over heile landet i snart to ti-år og har vorte spela på ei rekkje scener rundt om i Noreg m.a. på Det Norske Teatret i Oslo.

Regi: Agnete Haaland

Meir om "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta"

Følg draumen!

I juni 2023 leigde Linda heile Grieghallen der ho trollbandt sitt publikum med sitt eige musikalske coachingshow "FØLG DRAUMEN! KORTID, VISST IKKJE NO?"

Eit begeistra publikum gav terningkast 6 og ståande applaus for Linda og hennar oppskrift på korleis vi alle kan våga meir og skapa eit godt sjølvbilete.

Blandt gjestane på scena var Lothepus, Cecilia og Dag Lindbjerg.

Showet vart i tillegg streama og du kan sikra deg opptaket under.

Meir om konserten i Grieghallen
Close

Fyll ut og få tilsendt uforpliktane info om  prisar og speledatoar for "Dar kjem Dampen".

 

Epostadr. vert lagra i tråd med gjeldane  GDPR-reglar og vert nytta til å dela informasjon om Linda sine konsertar/arrangement. Den vert sjølvsagt ikkje delt med 3. part. Sjekk i SPAM-filteret om du ikkje finn eposten.