Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Ei musikalsk framsyning om Aslaug Låstad Lygre sitt liv og diktning.

Framsyninga har gått sin seiersgang over heile landet i snart to ti-år og har vorte spela på ei rekkje scener rundt om i Noreg m.a. på Det Norske Teatret i Oslo.

Bestill forestillinga på tlf. 932 16 538

Eller ta kontakt HER

No kan du igjen få høve til å oppleva denne perla av ei forestilling som gjev deg eit innblikk i eit innhaldsrikt, men lågmelt liv, til ein diktar som som dei færraste veit noko om men som vi alle har eit forhold til gjennom songen "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta".

Aslaug var fødd på Lindås i Nordhordland i 1910.

Framsyninga er skriven av Agnete Haaland og Linda Fosse

Den hadde premiére i 2005 og har vore spela for eit begeistra publikum over store delar av landet.

Ho vaks opp på ein lensmannsgard som den yngste i ein syskjenflokk på 4.

Ho gav i alt ut 6 diktsamlingar der den første samlinga kom ut under 2. verdskrig.

Det mest kjente diktet hennar, "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta",
 finn vi i "Eld av steinar"  som kom ut i 1947. 

Dette diktet skreiv Aslaug medan ho låg daudsjuk i tuberkulose og trudde hennar siste tid var komen.

Kva som hende og korleis krigen og tida ho levde i påverka diktninga hennar får du eit innblikk i med denne forestillinga.

Ei gripande, underhaldane og lærerik framsyning

"Linda er Noregs fremste tolkar av dikta til Aslaug Låstad Lygre"

Dag Lindebjerg
Tidl. programleiar i NRK

Om artisten Linda Fosse

Linda er Noregs første vinnar av Medaasprisen .

Den fekk ho for å vera ein artist i Ivar Medaas si ånd samt alt arbeidet ho har gjort med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre.

Linda har no meir enn 30 år bak seg på dei skrå bredder og har sunget for både Kongen og Dronninga, har opptredd med artistar som Herborg Kråkevik,  Elisabeth Moberg og Rein Alexander. Ho har vore med i musikalar, show og teaterframsyningar, vore på Norsktoppen, mottatt målpris og turnert landet på kryss og tvers med ulike oppsetningar.

Ho har framført sine eigne stykker både på Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo, samt på Ole Bull Scene i Bergen.

I 2023 imponerte ho eit begeistra publikum i Grieghallen med sitt eige show "FØLGDRAUMEN! Kortid, visst ikkje no?"

Andre konsertar / forestillinger

Under finn du noko av det Linda tilbyr i år.

Kystkultur

Linda er i opptatt av at vi må ha røtene og historia vår med oss inn i framtida. Konserten hennar "Dar kjem Dampen" tar publikum med på ei musikalsk reisa i våre vestnorske songskattar.
Også ein konsert som har vore mykje ute for den Kulturelle Spaserstokken.
HØG ALLSONGFAKTOR!
Denne kan du lesa meir om HER

Meir om konserten "Dar kjem Dampen"
Bestill konserten på tlf. 932 16 538

Følg Draumen

I juni 2023 leigde Linda heile Grieghallen der ho trollbandt sitt publikum med sitt eige musikalske coachingshow "FØLG DRAUMEN! KORTID, VISST IKKJE NO?"

Eit begeistra publikum gav terningkast 6 og ståande applaus for Linda og hennar oppskrift på korleis vi alle kan våga meir og følgja ein draum.

Blandt gjestane på scena var m.a. Lothepus, Cecilia og Dag Lindbjerg.

Showet vart i tillegg streama og du kan sikra deg opptak.

Meir om "Følg Draumen! Kortid, visst ikkje no?" her

Vil du tinga Linda til ditt arrangement

Ta kontakt på tlf. 932 16 538 , epost: [email protected] eller kontaktskjema.

Close

Fyll ut kva program du ynskjer til ditt arrangement.

Sjekk i SPAM-filteret om du ikkje finn eposten. Epostadr. vert lagra i tråd med gjeldane GDPR-reglar og vert nytta til å dela informasjon om Linda sine konsertar/arrangement. Den vert ikkje delt med nokon 3. part.