Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Musikk-showet "Kortid, visst ikkje no?"

Skal ein våga å følgja ein draum?

 

"Kortid, visst ikkje no?"

-er eit inspirerande musikkshow om den evige kampen mellom 😎"SuperPower-Stemma" på den eine skuldra som seier:

😎"JA! Gå for draumen din! Kortid skal du gjera da, visst ikkje no? Du er god nok!" 😎

Og den andre stemma; 😈 "Jante-Stemma", som seier:

😈 "Nei, no må du gje deg! No drit du deg ut! Kva vil ikkje naboane sei?". 😈

😈 vs.😎   Kva stemma vågar vi å lytta til?

 

Her er da duka for mykje humor, litt alvor, inspirerande tekstar og gode vokalprestasjonar!

Showet hadde premiére på Den Nationale Scene i Bergen i 2014, og har seinare vore spela på m.a. Ole Bull Teater, også i Bergen.

Av og med Linda Fosse.

Spørsmål om musikk-showet "Kortid, visst ikkje no?"

"Kortid, visst ikkje no?" passar for både kvinner og menn, men SÆRS godt for kvinner i alderen 50+.

Dette er eit show der dei vil kjenna seg meget godt igjen.

Menn elskar og dette showet. Da er alltid kjekt å få eit innblikk i kva vi kvinner tenkjer og føler. Kanskje du som mann kan forstå di kvinne bittelitt betre etter å ha sett dette showet?

Eit show med mykje humor, litt alvor og gode vokaprestasjonar i ulike sjangrar.

Skal du arrangere eit event der hovudandelen er kvinner, har du ein slager her!

På sommarfest, blåtur eller julebord med kvinner i salen, er du garantert suksess med dette showet!

For kvinnelege gründera er showet eit "must"!

Til arrangement med fokus på sjølvutvikling har du ein innertiar her!

På festivalar med eit vakse publikum vil denne slå meget godt an!

På bedriftssamlinga vil dette vera eit "foredrag" dei seint vil gløyma!

Heile showet er på ca. ein time.

Det går og an å bestilla ein "kortversjon" av showet, som er på omlag 30 minutter.

Showet kan bestillast på tlf. 93216538.

Plakaten

VIL DU VETA KVA LINDA FOSSE SIN STORE DRAUM ER?

I songen "Eg har ein draum" får du svaret.

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.