Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Nytt tankesett - nye resultat

Eit betre sjølvbilete vil ALLTID gje betre resultat.

ALLTID!

"Ja, eg vil ha betre resultat!"

Auka salg!

Det å ha eit nytt mindset når det kjem til salg vil endra ALT for deg! Om du berre vil selja inn dine idear for ferieplaner eller du har ei bedrift.

Vi er alltid i salg.
Du kan no behalda den gode kjensla når du tilbyr dine varer for du veit at du er verdt det! 
Og du veit at du hjelper andre ved å selja til dei.

Meir tid!

Når trua på deg sjølv aukar vert perfeksjonisten og prokastineraren i deg mykje mindre tilstades.
Du får meir tid til inntektsbringande arbeid og brukar mindre tid på å flikka på logoar og velga emojis til innlegga dine på sosiale media. Du treng heller ikkje bruka ein heil formiddag på å redigera eit bilete i Canva. :)

Oppfølging og fellesskap

Å vera gründer kan til tider vera einsamt! Det å gjera ei endring åleina er nesten håplaust.
Her vert du ein del av eit fellesskap som løftar og heiar på deg. Du treff nye folk som du kan knyta kontakt med og du får vera med i ein klasse der du også får læra av andre sine erfaringar. Kvar veka får du oppfølging og kan stilla spørsmål til eiga utvikling.

Mitt namn er Linda Fosse og eg har verkeleg gjort ei stor endring etter at eg endra mitt eige sjølvbilete.

Frå å vera ukjent artist som underheldt som Ole Brumm og Pippi Landstrømpe på kjøpesenter til å våga og leiga heile Grieghallen og halda sjølvskreven konsertforestilling der, med fullt orkester, kor og dansara, der eg forøvrig dansa sving med sjølvaste Lothepus, medan eg syng songen eg har laga om han; 

Det krever eit HOPP i  sjølvbilete.

Dette hoppet kan vi alle gjera!

Vi kjem aldri lenger enn kva vårt eige sjølvbilete tillét oss. Men vi kan heldigvis endra det og gjera det større, og dermed våga meir og oppnå større ting.

I dette kurset får du alle verktøya eg sjølv har brukt, samt innsikt og læring eg har fått frå mine mentorar, Bob Proctor og Kim Calvert, om korleis sinnet styrer vårt sjølvbilete og våre resultat. 

 Og kva du skal gjera for å nå mål du før ikkje trudde var mogleg.

Nytt tankesett - nye resultat

SuperPower-Sjølvbilete
6 vekers kurs

KUN 20 plassar

Sikra deg plass på kurset her