FΓΈlg draumen! Kortid, visst ikkje no?

Om Linda Fosse

Sida er under utarbeiding


Songar, Coach og Skodespelar


Frilans skodespelar og songar har eg vore i over 20 år.
Utdanninga som Coach tok eg i 2008. Ei perfekt blanding !
Eg er fødd og oppvaksen på Ytre Fosse i Alversund, Lindås Kommune, 4 mil nord for Bergen. 

No bur eg påpå Osterøy, 4 mil aust for Bergen på Osterøy, 4 mil aust for Bergen .
Her driv eg Askeland Kunstnargard saman med motorsagkunstnar Arne Askeland.

Allsidig karriéra
Eg har vore med i ei rekkje oppsetjingar, både barneteater, teater for vaksne og eldre, samt musikalar. Da har vorte mange hundretals framsyningar. Da er ikkje få stader eg har spelt på strekninga Trondheim – Lindesnes, i full breidde, i løpet av desse åra. Men eg har og gjort mykje anna. Alt har ikkje vore relatert til song og teater, men har vore med på den vegen alikavel.

Starten
Da var vel på scena i ungdomshuset i Kvamsvågen (Alversund, Lindås Kommune) at eg hadde mine aller første sceniske opptredenar, samt i lokalmiljøet ellers. Eg byrja tidleg å opptré med gitar og song. Eg hadde og ei karriera som klarinettist i Alversund Skulemusikk Korps og Alversund Musikklag.

Men i 1986 opna Lindås Musikkskule. Eg la klarinetten på hylla og ville satsa på song. Eg byrja å ta songtimar der med  songpedagog Leif-Egil Vatnøy. Ein person som skulle visa seg å verta særs viktig for meg både i livet og i karriera mi vidare som songar og artist.

“Kattane i Lindås”
Leif-Egil var dirigent i Seim Songkor. Der skulle dei setje opp heile musikalen “Cats”. Eg hadde vel knapt høyrt om musikalar på den tida men svara “Ja” straks eg vart spurt om å vera med i denne.

Musikalen vart ein gedigen suksess med stappfulle hus i eit nybygd grendahus på Seim. Samstundes vart frøet til ei framtidig karriera på dei skrå bredder planta. Men kunne eg leva av dette?

“Skikkeleg utdanning”
Bilete frå gymnastida. Mykje morro på den tida og.
Fornuften “seira” og økonomi-linja på vidaregåande skule vart prioritert framfor musikklinje og drama. Da å følgja hjarta var på den tida heilt ukjent for meg, men karakterane tala for seg sjølv når eg til jul fekk 2* i Bedriftsøkonomi og mattematikk-karakteren låg og duva på ein slett 3-ar.

(*karakteren 2 fekk eg nok berre for at da var jul….)

Språklinja
Eg skifta då over til språklinja og freista leggja opp eit nytt karriereløp. Tar ein språk so får da vel bli reiseliv. I det nye karriere- løpet la eg då inn eit år som Au-Pair i Tyskland. Skal ein læra seg eit språk, lyt ein bu der, tenkjer eg.

Eg hadde eit fantastisk år i ein makalaus familie, som eg har nær kontakt med den dag i dag. Men den heilt store reiselivskarriera lot venta på seg.

Da var noko anna som drog i meg….

Revyskulen
Då eg i 1992 oppdaga at da var noko som heitte Revyskulen på Skarnes kjente eg da heilt inn i ryggmargen: “Der skal du gå!”  Revyskulen er ein folkehøgskule for revy og teater. Den kunne ikkje ha vore meir midt i blinken. Dette vart 10 månader der sjela og eg song om kapp og mykje kunnskap om artistlivet vart erverva. Me hadde m.a. Anders Rogg som lærar. Dei av deko som er fødd på 70-talet eller tidlegare hugsar nok “Tramteateret”. Dette var ei teatergruppa som var kjent for å vera på vegen og i farta. Difor var da nok ikkje tilfeldig at me var 6 stk som slo oss saman og drog på turné sumaren 1993, etter endt Revyskule.

Med friteater-gruppa “8 på loffen” og lystspillet “Mygg og Primus” drog me på turné og spela “på hatten” på dei fleste Campingplassar som var å oppdriva langs sørlandskysten.

Tivoli Amfi i Moss
Etter denne turnéen hyra Regissør Håkon Qviller fleire av oss inn til eit teater i Moss. Tivoli Amfi. Eit gamalt, vakkert amfiteater der me fekk boltra oss i 6 mnd. På denne tida hadde me 3 oppsetjingar. Det samfunnskritiske stykket “Hvem er de gale”, barnestykket “Klaban Klovn og Nikkodemus Stankelbein” samt revyen “Du kjenner det på lukta, det er Moss”. (Revyen drog ikkje so mykje folk frå Moss, kan du sei, til tross for krysset over M-en i Moss) Men du verda så mykje me lærte! πŸ™‚ Dessverre måtte teateret leggja ned drifta til jul 1993.

Teateriet
Men me var heldig og fekk ut diverse midlar og starta snart opp med friteatergruppa Teateriet like over nyttår i -94. Ei gruppa som forøvrig lever den dag i dag og som er ei av dei eldste friteater-gruppene i landet. Aktive medlemmar idag er Øyvind Kjeksrud og  underteikna og aktuell framsyning no er barnestykket “Roggbif og Fiona. Vær god som du er!” som me vitjar barnehagar med.

Frå “Mellom himmel og jord” 1995
“Roggbif og Fiona” – Vær god som du er
Teateriet har hatt mange oppsetjingar sidan 1994, men gruppas lengste turné var me på i 1995. Det var med cabareten “Mellom Himmel og Jord”. Instruktør var Kine Hellebust, også ho kjent frå Tramteateret.

Ni veker på vegen, utan turné-opphald, er ein rekord eg ikkje skal vera med på å slå.  πŸ™‚ Heftig, men du og du so mange gøye minner!

 
“Skjønnheten i Udyret”
Eg var innvolvert i mange ulike oppsetningar i Son og Moss på denne tida. Ein av dei var “Skjønnheten i udyret”. Me var 6 jenter som i 1997 skreiv og sat opp ein kabaret på Parkteateret i Moss. Dette var mi første oppsetjing der eg for alvor også var med og skreiv tekstar. Da vart ein nervepirrande premiére for underteikna! Kabareten fekk strålande kritikkar og tekstforfattar Linda kunne pusta letta ut.

Men da skulle endå ta mange år før eg våga å laga ei heile framsyning med eige matriale….

I Moss var eg og så heldig å få jobba med regissør Per Olav Sørensen, då eg fekk spela Bestemor Skogmus i hans oppsetjing av “Dyrene i Hakkebakkeskogen” på Parkteateret. Eg fekk og boltra meg som Laura Isaksen i “Bør Børson”. Ei hærleg tid πŸ™‚

Jorda rundt
Vidare jobba eg med mykje forskjellig. Ikkje berre teater. Noko som forøvrig ofte er tilfellet for ein frilans scenekunstnar i Noreg.

Første halvdel av 1998 flytta eg tilbake til vestlandet for å vera musikklærar på Alversund Skule. Der hadde eg musikk med nesten alle elevar frå 4. – 9. trinn + valfag. Lærerikt og krevjande.

Same året bestemte eg meg for å reisa jorda rundt. Eg byrja jobba dobbelt, og var lærar i helgane og servitør på hotell i helgane. Då sumarferien byrja vart da full jobb på hotell. Alt som var mogleg å få jobba som: værelsespike, servitør, barkeeper, resepsjonist. Her var eitt fokus: Tjena mest mogleg på kortast mogleg tid for å kunna nyta livet på ei opplevelsesreisa jorda rundt. Da gjekk strålande! πŸ™‚

So ein haustdag i 1998 tok eg og to venninner av frå den nyopna lufthamna på Gardermoen med retning Bangkok og 5 mnd med globetrotting foran oss.

Reiseruta vart:

Thailand, Malaysia, Singapor, Indonesia med Bali. Australia (på tvers), New Zealand, Los Angeles, Mexico, Spania, Noreg. Ein tur som er verdt ei eiga webiside, og vél so det. πŸ™‚

Høgfjellshotell
Etter endt tur var kassen tom og igjen vende eg tilbake til hotell-livet. Igjen var det Oset Høgfjellshotell som vart arbeidsgjevar. Her var eg i nesten eitt år, før dei skrå bredder igjen byrja å lokka på meg.

Vil og få skyta inn at Oset Høgfjellshotell på Golsfjellet var eit hotell heilt utanom det vanlege. Med eit “mannskap” som var heilt fantastisk å jobba med! TUSEN TAKK!

Western-by og Kjøpesenter
Vegen vidare vart m.a. på event i Westernbyen på Tusenfryd og barneunderhaldning på diverse kjøpesenter på Austlandet. Eg var og på fleire turnéar med både “Ole Brumm” og “Gummi Tarzan”.

Den første Medaas-prisen
I år 2000 var eg så  heldig å få den første Medaas-prisen. Prisen vart overrekt av Jon Eikemo, og Ivar´n sjølv sat i salen (og serverte passande kommentarar).  πŸ™‚ Ei sterk oppleving og ein kveld eg aldri kjem til å gløyma.

Eikemo overrekk Medaasprisen 2000.
Prisen fekk eg m.a. for mitt arbeid med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre samt mitt kunstnarlege virke i Ivar Medaas si ånd. Dette skreiv BA.

Eit Eventyr
I 2005 gav eg ut CD-en “Eit Eventyr” med tekstar av Aslaug Låstad Lygre, som eg hadde sett nye tonar til. Tittelsporet gjekk rett inn på 4.plass på Norsktoppen. πŸ™‚ Stolt? JA! Du kan høyra sporet her.

 

Eit eventyr med Låstad Lygre NH
 “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”
Same året hadde eg premiere på teaterstykket “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”. Ei reisa i Aslaug Låstad Lygre sitt liv og diktning.

Framsyninga er skriven av Agnete Haaland og meg, og Agnete har hatt regien.

Denne framsyninga har eg vore på turné med i store delar av landet. Den har vore på biblioteksbåten, Den kulturelle skulesekken, den kulturelle spaserstokken m.m. Eg har og sett den opp på Det Norske Teatret i Oslo.

Den er framleis lika aktuell og vert no i hovudsak spela på Askeland
Kunstnargard i samband med “Kulturstopp” her. (“Kulturstopp” er eit stopp fylt med kultur for grupper som kjem på to timars besøk på garden)

“Which Witch”
Ei stor satsing eg var med å dra i gong var “Which Witch” på Håkonshaugen på Seim. Musikalen, som Ingrid Bjørnov og Benedicte Adrian fekk satt opp på Londons Westend i 1987, hadde urpremiere på Nynorsk, i full sceneisk versjon 2. Augusti 2007. Den første fullversjonen av musikalen i Noreg, faktisk!

Scena og amfiet på Håkonshaugen.
Oppsetjinga fekk fantastiske kritikkar. Me som var med hadde ein sumar me aldri vil gløyme og dei omlag 6000 publikummarane som kom fekk oppleva storslått scenekunst.

I tillegg til å vera marknadansvarleg hadde eg eine hovudrolla som Anna Regina.  Andre som var med på denne oppsetjinga var m.a. Rein Alexander, Jorunn Torsheim, Elisabeth Moberg, Bjørn Jensen, Magne Fremmelid, Ståle Ytterli, “Glam” Åge Sten Nilsen og Charlotte Fongen. Regi var ved Leif-Egil Vatnøy.

Under audition for “Which Witch”.Jury  Leif-Egil Vatnøy og meg.
VG, Dagbladet og BT gav terningkast 5

 

Nøgd med at me fekk til dette. God reklame bakpå bussane.
Coach
I 2008 utdanna eg meg til Inspirerande Coach på Ringominstituttet, leia av Bjørn Ringom. Eit utruleg lærerikt år. Ikkje berre med tanke på alt ein lærte  av verktøy og teknikkar ein treng for å vera coach, men og den personlege prosessen som denne utdanninga sat i gong. Eg har fått ei veldig mykje større innsikt i både meg sjølv og andre etter denne utdanninga.

Poesifestival
I 2010 var da 100 år sidan lyrikar Aslaug Låstad Lygre vart fødd på Lindås i Lindås Kommune.

Aslaug som vart mest kjend for siktet som Geirr Tveitt sat melodi til, og som me lle kjenner som “Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”.

Eg ville heidra ho med ein poesifestival og la opp til ei heil helg i poesiens teikn.

“Sumarnatta på Lygra” vart, og eg skal sei da sjølv, eit makalaust arrangement på Lyngheisenteret på Lygra.

Her kom Herborg Kråkevik og sjølvaste Odd Børretzen. Me hadde ulike poesiframsyniga, barneteater, male-workshops for born, konsertar og show i skulpturskjering med Motorsag. (Det var her den kom inn i bilete for min sambuar Arne Askeland)

Me hadde fått Cirkus Agora til å stilla med Cirkustelt så gjestane ikkje skulle verta våre om da kom regn. Og da gjorde da. Da skya over torsdag kveld. Og fram til mandags morgon bøtta da ned. Da blas og regna noko heilt vanvittig. Me som var dar hadde ei heilt utruleg helg på alle måtar, men ysnkje om eit høgt besøkstal regna vekk.

Men me tok ikkje heilt skrekken og arrangerte ein litt mindre festival i 2012.

“Dar kjem Dampen”
I 2011 hadde eg premiére på “Dar kjem Dampen”. Ei reise i vår rikhaldige kystkultur. Denne har og gått sidan, og er framleis mulig å bestilla. Meir om den finn du her.

 
“Kortid, visst ikkje no?”
 

I 2012 skreiv eg diktet “Kortid, visst ikkje no?”. Eit dikt som fekk ei overraskande god mottaking hjå lyttarane til “Naturens verden” på NRK Radio. Dei hadde sending frå garden vår, då eg kom på at eg kunne avslutta programmet med å lesa dette diktet.

Da utløyste ein lyttarstorm på Marinlyst. Folk ville veta kven som hadde skrevet diktet og kor dei kunne få tak i det.

Eg byrja so å sysla med tanken om å laga ei heil framsyning rundt temaet i diktet.

Premiére på DNS

8. Mars 2014 hadde stykket “Kortid, visst ikkje no?” premiére på Den National Scene i Bergen og mottakinga var formidabel.

Da vart turné i både Nordhordland og på Osterøy før da igjen bar til Bergen og Ole Bull Teater Januar 2015.

Etter dette har den vore leid inn ulike stader. M.a. til arrangement i regi av Psykisk Helse.

Framsyninga syner den evige kampen me kjempar mellom desse to stemmene dei fleste av oss har på skuldrena. Den eine som seier “Ja, kom an! Gå for dette! Du er bra nok! Du er dyktig! Våg å stå fram!”

Medan den andre stemma seier: “No drit du deg ut! Hald deg til det du brukar å gjera! Du kjem til å gå på tryne. Kva vil vel ikkje naboane sei då? Dei kjem til å le seg skakke!”

Framsyninga varer ein time og det meste av stoffet har eg skrevet sjølv. Nokre melodiar har eg og komponert, medan andre er kjente songar som gjerne har fått ny tekst.

 

Eg har alltid kome tilbake til draumen. Draumen om å formidla. Draumen om å inspirera. Inspirera så mange som mulig til å våga.
Vegen vidare no er å byggja vidare på alt dette, og setja fokus på å inspirera andre til å våga å følgja sin draum.
Til å våga å leva og våga å vera den dei faktisk er.
For, kortid, visst ikkje no? πŸ˜‰

“Du kan ikkje venta i all æva. 
So kortid skal du våga å leva,
- visst ikkje no?” (frå diktet "kortid, visst ikkje no?") av underteikna

Live, Laugh, Love

Linda πŸ™‚