Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?
EI NOSTALGISK KONSERTFORESTILLING
MED LINDA FOSSE
Bli med på ei musikalsk reisa tilbake til ei tid då båten til Byd´n gjekk på damp, folk sprang i tresko, alle song om gryta hennar mor og Oldefar var ein grepa kar i robåt med skjegg so rakk heilt ned te knena.
Dette er eit gratis tilbod særleg til alle eldre som no ikkje får besøk av artistar på sjukeheimane og institusjonane. Eller som sit åleina heime.
Men det er fritt fram for kven som helst å lasta den ned gratis. God fornøyelse!
Songar og skodespelar Linda Fosse tar deg med på ei musikalsk reisa med ”Gamle Dampen” i vår rikholdige kystkultur.
Du får i tillegg til "Dar kjem dampen" også oppleva ”Oldefar”, ”Utsikt frå Fløyen” og ”Gryta hennar mor” m.m. i denne humørfylte "mimrestunda" på omlag 45 minutt.
Kjente og kjære songar av Johannes Kleppevik, Salhuskvintetten og Ivar Medaas.
Korleis starta da heila eigentleg med denne songen som gjorde Medaas´en so kjent?
Du vert invitert med i engasjerande allsong og vert tatt med tilbake til ei svunnen tid du minnast so vél.
"Terningkast 6 fra odinsvei! Damen var aldeles nydelig og kontakten med publikum var kjempefin og alle de gamle var enige om at denne damen var enestående flink og hadde en fantastisk stemme. Dessuten var dette noe nytt og aldeles anderledes, og dette gikk rett hjem hos alle, både unge og gamle. Alt i alt en minneverdig opplevelse!"
"Brukerne ble revet med i stykket og engasjerte seg."
"Det var veldig gøy, hun var flink til å få de med, de som ville kunne synge med på de sangene som de kunne, og det gjorde de. Veldig god respons."
Linda er den første vinnaren av Medaasprisen i Noreg.
Den fekk ho m.a. for å vera ein artist i Ivar si ånd, samt alt arbeidet ho har gjort med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre.
"Linda er Noregs fremste tolkar av dikta til Aslaug Låstad Lygre" - Dag Lindebjerg
Linda har meir enn 25 år bak seg på dei skrå bredder og har sunget for både Kongen og Dronninga, har opptredd med artistar som Herborg Kråkevik, Elisabeth Moberg og Rein Alexander. Vore med i musikalar, show og teaterframsyningar. Vore på Norsktoppen, mottatt målpris og turnert landet på kryss og tvers med ulike oppsetningar.
Ho har framført sine eigne stykker både på Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo, samt på Ole Bull Scene i Bergen.
Hennar største lidenskap er å inspirera folk til å våga meir og ta meir ut av sitt potensiale.
Ho har òg eit stort engasjement for strilakulturen og er stolt stril frå Alversund, busett på Osterøy.
"Ivar Medaas var verkeleg ein stril som våga mykje og som fortjener og verta tatt fram og heidra!" - Linda Fosse
Her ser du ho i duett med Herborg Kråkevik under poesifestivalen "Sumarnatta på Lygra" i 2010. Ein festival Linda arrangerte for å heidra vestlandslyrikaren Aslaug Låstad Lygre 100 år.
Ei nostalgisk konsertforestilling med Linda Fosse
Epostadr. vert lagra i tråd med gjeldane GDPR-reglar og vert nytta til å dela informasjon om Linda sine konsertar/arrangement. Den vert
sjølvsagt ikkje delt med 3. part.