Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?
Onlinekurs /Internettkurs i Motorsagkunst!
Askeland Kunstnargard presenterar nettkurset: "Frå stokk til bjørn"
Steg for steg - Kutt for kutt
I dette videobaserte kurset på internett får du verkeleg lære korleis du skal bruke motorsaga di til å skape skulpturar med.
Straks du har kjøpt kurset får du tilgang til ein kursportal der det ligg opplæringsvideoar for korleis du, steg for steg, skjer ut ein bjørn av ein tømmerstokk.
Det er i alt 25 opplæringsvideoar, oversiktleg fordelt, i 4 Modular.
Du får i tillegg med 2 GRATIS bonus-videoar.
Her er alt lett tilgjengeleg med ein video for kvar steg du skal ta, med forklaringar i forkant.
Klargjering av stokk.
I denne første modulen for du mange gode tips om kva du må veta når du skal velga deg stokk, kva type treslag og kva type virke som eignar seg best.
Blokking
Kor skal du byrja når du skal laga ein skulptur?
Her får du læra korleis du grov-formar skulpturen steg for steg, og gjer dei første kutta for å fjerna dei store betane.
Forming
Skal du bruka ei motorsag til å forma med treng du å kunna nokre teknikkar som gjer dette enkelt og ufarleg.
I tillegg lærer du, kutt for kutt, korleis du skal hente ut bjørnen.
Detaljar - Klør/pels
Mange er imponert over Arne sine naturtro skulpturer. Det ligg mykje i å kunne gjera detaljar.
Her viser han deg korleis du skjer klør og, ikkje minst, korleis du lagar pels på bjørnen.
Opplæringsvideoen "Korleis fila kjedet."
I tillegg til at du lærer å skjera ut ein bjørn steg for steg, får du og med deg ein eigen opplæringsvideo der Arne viser deg korleis du skal fila kjedet for å få absolutt det beste resultatet. Arne har aldri filt på ein anna måte etter at han lærte denne teknikken, som gjer deg lengre bét på kjedet og betre kutt. Uansett kva du skal bruke saga til.
Opplæringsvideoen "Korleis setje opp saga med carvesverd/ skulptureringssverd."
Her viser Arne deg, steg for steg, korleis du kan omgjera den vanlege motorsaga di til ei sag som er perfekt til motorsagkunst.
Og kva som må vera tilstades på saga for at dette kan la seg gjere.
Arne viser deg sin første bjørn. :)
"Fantastisk kurs, flink lærar. Dette er noko for kreative handverkarar so likar å spekulere/bruke fantasi."
"Det nybegynnerkurset jeg tok, innfridde mine forventninger. Jeg anbefaler kurset på det varmeste til alle, som enten vil utfordre seg selv som nybegynnere eller perfeksjonere en drøm om å skape ett kunstverk av en tømmerstokk."
"Kurset ga virkelige resultater 😃Anbefaler kurset på det sterkeste. Arne er en fantastisk inspirator og læremester"
- Må eg investere i mykje dyrt utstyr når eg tar kurset?
Arne anbefalar at du investerer i eit nytt sverd og kjede som er særleg godt eigna til motorsagkunst. Dette er ikkje noko ein må gjere, men er ein fordel for å gjera saginga lettare. Prisen på dette utstyret ligg på rundt Kr. 1.300,- og du får linkar til kor du får kjøpt det på kurset.
- Eg er ikkje so god på internett og data. Får eg hjelp til det tekniske på kursportalen på internett visst eg står fast?
Ja. Du vil få all den hjelpa du treng visst noko skulle vera uklart. Om du idag brukar e-post og facebook vil denne portalen vera lett for deg å manøvrere i.
- Kva om eg reiser på hytta. Har eg tilgang til kurset der eller er det lasta ned til mi maskin heime?
Så lenge du har tilgang til internett vil du ha tilgang til kurset. Kurset ligg på ein portal, og du har tilgang uansett kor du logger deg på.
Du kan og dela opp betalinga. Trykk på det alternativet som passar best for deg:
So sikre er me på at dette skal vera akkurat det du treng for å koma i gong med motorsagkunst at me gjer deg denne garantien: 100% nøgd - eller pengane tilbake!
Om du kjøper kurset og ikkje vert nøgd, gjer me deg pengane tilbake innan 14 dagar, utan spørsmål.
Da viktigaste for oss er at DU skal vera nøgd.
Skal du byrja med motorsagkunst, meld deg på idag og nyt godt av introduksjonsprisen.
Du skal i alle fall ikkje risikera å tapa noko!
Betal i eitt eller tre avdrag
Arne har heilt sidan han var liten gut elska å forma skulpturar i tre og leire, men da var først då motorsaga vart introdusert som verktøy i 2010 at det tok heilt av. No lever han av å vera motorsagkunstnar og har satt mange spor etter seg rundt om i Noreg.
Våren 2016 fekk Arne i oppdrag å saga ut 18 dyr i fullstørrelse til Norsk Folkemuseum på Bøgdøy. Tre kyr, fira kviger, ein kalv, fira sauer og seks geit laga av Askeland kan du få med deg om du vitjar muséet.
Denne julekrybba var eit bestillingsverk til kyrkja sitt 40-års jubileum i 2013. Krybba vart vist på NRK 1 sine sendingar av julegudstenester det året.
Våren 2017, i sesong 4 av "Fjorden Cowboys" får du sjå korleis da gjekk til når Lothepus skulle få seg ein viking i tunet. Ein skulptur som har dukka opp i både VG, Dabladet, Se & Hør m.m. den seinare tid.
Ps. til deg som er i eit forhold:
"Da er utruleg kor mykje tid du får lov å bruka ilag med motorsaga di når den du bur ilag med får vakre skulpturar til hagen eller hytta i retur."
Askeland Kunstnargard ligg på Osterøy utanfor Bergen. Den er drevet av artist og coach Linda Fosse og motorsagkunstnar Arne Askeland. Dette er ein særs rikhaldig gard der dei tilbyr kurs, underhaldning, foredrag og produksjon av skulpturar i tre.
Dei tar oppdrag ute men kan og opplevast på Kunstnargarden. Ta kontakt for nærmare avtale.
Har du Spørsmål?
Ikkje nøl med å skriva til oss på:
[email protected]