𝐓𝐈𝐋𝐁𝐎𝐃 𝐓𝐈𝐋 𝐅𝐈𝐑𝐌𝐀 𝐒𝐎𝐌 𝐒𝐊𝐀𝐋 𝐇𝐀 𝐉𝐔𝐋𝐄𝐁𝐎𝐑𝐃:

🔔 "𝐃𝐚𝐫 𝐤𝐣𝐞𝐦 𝐃𝐚𝐦𝐩𝐞𝐧"🔔

 

🎶💝🎄 𝐉𝐔𝐋𝐄𝐒𝐏𝐄𝐒𝐈𝐀𝐋 🎄💝🎶


𝐇𝐄𝐑 𝐕𝐄𝐑𝐓 𝐃𝐀 𝐀𝐍𝐃𝐑𝐄 𝐁𝐎𝐋𝐋𝐀𝐑! 🎁🤶🎄

Få ei musikalsk førjulsreisa tilbake til ei tid då 
juletrea var ekte, ungane visst kva ein kandisklump var 
og Papen kom heim til Jul!

Bestill konserten til Dykkar julebord idag! 
💝🎄🔔𝐆𝐀𝐑𝐀𝐍𝐓𝐄𝐑𝐓 𝐆𝐎𝐃 𝐒𝐓𝐄𝐌𝐍𝐈𝐍𝐆 𝐎𝐆 𝐇Ø𝐆 𝐀𝐋𝐋𝐒𝐎𝐍𝐆-𝐅𝐀𝐊𝐓𝐎𝐑!💝🎄🔔

I samband med at Ivar Medaas skulle ha vorte 80 år iår tilbyr artisten Linda Fosse konserten "Dar kjem Dampen" i haust.

Konserten "Dar kjem Dampen" har vorte elska av sitt publikum sidan premiéra i 2011. Her er du garantert god stemning "ombord" og mykje flott allsong!
Med Linda Fosse - Noregs første Medasspris-vinnar!

Få tilsendt konserttilbodet

"Damen var aldeles nydelig og kontakten med publikum var kjempefin og alle de gamle var enige om at denne damen var enestående flink og hadde en fantastisk stemme. Terningkast 6 fra odinsvei! Dessuten var dette noe nytt og aldeles anderledes, og dette gikk rett hjem hos alle, både unge og gamle. Alt i alt en minneverdig opplevelse!"

Odinsvei
Bosenter og sykehjem - Bergen Kommune

Om "Dar kjem Dampen"

Songar og skodespelar Linda Fosse tar deg med på ei musikalsk reisa med ”Gamle Dampen” i vår rikholdige kystkultur.

Du får i tillegg til "Dampen" også oppleva ”Oldefar”, ”Utsikt frå Fløyen” og ”Gryta hennar mor” i denne humørfylte  "mimrestunda" på omlag 40 minutt.

Kjente og kjære songar av Johannes Kleppevik,  Salhuskvintetten, for ikkje å snakka om songar frå hovudpersonen sjølv, Ivar Medaas.

Korleis starta da heila eigentleg med denne songen som gjorde han so kjent?
 
Du vert og invitert med i engasjerande allsong og er du av dei som hugsar tida med gamle dampen vert du tatt tilbake til ei svunnen tid du minnast so vél.

NB! Enno nokre ledige datoar i oktober og november.

Få tilsendt konserttilbodet

Kort om Ivar Medaas

Ivar var fødd på Alver i Nordhordland 9. april 1938. Han var, i tillegg til å vera odelsgut og bonde, visesongar, gjøglar og felespelar som m.a. gjorde stor suksess på dei største revyscenena i hovudstaden.

Ein vaskeekte stril som i kraft av å vera seg sjølv tok Oslo-publikummet med storm.
Dette vekte oppsikt!

"Dar kjem Dampen" kom ut i 1963 og var den songen som for alvor gjorde Ivar Medaas landskjent og til allemannseige.

Ivar gjekk dessverre bort så altfor tidleg, 7. januar 2005, da året han skulle fylt 67.
Men me vil alltid hugsa han for hans uredde framferd, hans slåande replikkar, hans uhøgtidlege veremåte og sjølvsagt, songen, musikken og ikkje minst hyllesten til rutebåten DS Oster - "Dar kjem Dampen".

Få tilsendt konserttilbodet

"Brukerne ble revet med i stykket og engasjerte seg."

Miljøtjenesten i Bergen
Bergen Kommune

"Det var veldig gøy, hun var flink til å få de med, de som ville kunne synge med på de sangene som de kunne, og det gjorde de. Veldig god respons."

Arna Eldresenter
Bergen Kommune

Om artisten Linda Fosse

Linda er den første vinnaren av Medaasprisen i Noreg.

Den fekk ho m.a. for å vera ein artist i Ivar si ånd, samt alt arbeidet ho har gjort med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre.

"Linda er Noregs fremste tolkar av dikta til Aslaug Låstad Lygre" - Dag Lindebjerg

Linda har meir enn 25 år bak seg på dei skrå bredder og har sunget for både Kongen og Dronninga, har opptredd med artistar som Herborg Kråkevik,  Elisabeth Moberg og Rein Alexander. Vore med i musikalar, show og teaterframsyningar. Vore på Norsktoppen, mottatt målpris og turnert landet på kryss og tvers med ulike oppsetningar.

Ho har framført sine eigne stykker både på Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo, samt på Ole Bull Scene i Bergen. 

Da handlar om å våga
Hennar største lidenskap er å få folk  til å våga meir sånn at dei vågar å setja seg mål og gjer da dei drøyme om.

Ho har eit stort engasjement for strilakulturen og er stolt stril frå Alversund, nett so Medaasen.

"Ivar Medaas var verkeleg ein stril som våga mykje og som fortjener og verta tatt fram og heidra!" -
Linda Fosse

 

Sikra deg "Dar kjem Dampen" i haust!

Close

Fyll ut og få tilsendt jubiléumstilbodet på "Dar kjem Dampen".

Sjekk i SPAM-filteret om du ikkje finn eposten.
Epostadr. vert lagrai tråd med gjeldane  GDPR-reglar og vert nytta til å dela informasjon om Linda sine konsertar/arrangement. Den vert
sjølvsagt ikkje delt med 3. part.