Diktet "Kortid, visst ikkje no?"

 

Kortid passar da

å ta tak i draumen din,

visst ikkje no?

 

Kortid passar da

å unna seg da besta,

visst ikkje no?

 

Kortid passar da å seia,

”Eg elskar deg!”

Springa barbeint i graset

på livets veg,

visst ikkje no?

 

Kortid skal du slutta

å bry deg om kva alle andre syns,

visst ikkje no?

 

Kortid skal du elska deg sjølv 

for den du er,

visst ikkje no?

 

Kortid skal du våga

å visa ditt sanne ”Eg”?

Den som du verkeleg er,

som er heile deg,

visst ikkje no?

 

Eg undrast berre på om du også kjenner

at livet mesta renn ut mellom hender

som sand i eit timeglas.

Brått er det tomt.

 

Utanfor glar sola. Snart er da skumt….

 

Du kan ikkje venta i all æva.

-kortid skal du våga å leva,…..

- visst ikkje no?

LAST NED DIKTET HER
Close

50% fullført

Fyll ut og last ned diktet

"Kortid, visst ikkje no?"
"Eg godtar samstundes å stå på Linda Fosse si epost-lista for å motta andre inspirerande dikt og tekstar samt info om Linda si kurs- og arrangement/konsertar.
Epostadr. mi vert oppbevart etter dei nye GDPR-reglane  og
eg kan melda meg av denne lista kortid som helst."