Nett-billett Kr. 79,-

En konto finnes allerede med denne e-postadressen. Er dette deg?

Logg inn
Tllepxijrgacdozht6bx 1280 x 720 herskapeleg julekonsert pa nett

NETTBILLETT

HERSKAPELEG JULEKONSERT med Linda Fosse og Frode Skag Storheim.

GJEV TILGONG TIL KONSERTEN UT ÅRET.

Sjå den direktesendte julekonserten frå Fleischer´s Hotell, Voss.

Med denne nettbilletten har du tilgong til opptaket ut året.

Grunna restriksjonar og smittevernreglar hadde vi i år ikkje lov til å ha så mange i salen under konsertane våre som vi vanlegvis har.
Vi ville alikevel at du skulle få oppleva ein julekonsert og koma i julestemning med tradisjonelle julesongar, lun lyrikk og klassiske perler.

Vi sendte difor konserten vår på Fleischer´s hotell 
5. desember kl. 17:00 direkte.
No kan du få den med deg på nettet, trygt heima i di eiga stova.

Kva med å samla familien til ei musikalsk førjulsstund eller nyta ei roleg stund åleina i romjula "saman" med oss?

Du kan óg glé nokon du er glad i med ein nettbillett.

Kanskje du veit om nokon som sit åleina i jula?
Gje dei ein nettbillett.
HUGS AT MED NETTBILLETT KAN DEI SJÅ KONSERTEN KOR OFTA DEI VIL HEILT FRAM TIL NYTTÅR. 

Fyll inn epostadr. og kortnummer (sikker betaling) og fullfør kjøpet, fyll så inn namn og passord
og du får straks tilsendt nettbilletten på epost og tilgong til konserten på ei eiga sida.


GOD FORNØYELSE!

 

Litt om Linda og Frode:

LINDA FOSSE
Artist og tobarnsmor busett på Osterøy utanfor Bergen.
Har drevet frilans som songar og skodespelar i over 25 år.
Har ein lidenskap for, gjennom eigne dikt og songar, å inspirera folk til å våga følgja draumen!
Konseptet KVIN  ("Kortid, visst ikkje no?") er stadig under utvikling og første steg er klart;
Showet "Kortid, visst ikkje no?" var først ute, med premiera på Den nationale scene i 2014.
I år skulle ho hatt premiere på konsertforestillinga "FØLG DRAUMEN! Kortid, visst ikkje no?" i Grieghallen 1. mai.
Grunna korona er den no utsett til 29. januar 2022.
Meir om dette finn du på sida: www.lindafosse.no

Elskar det nynorske språket og nyttar dette stort sett alltid på konsertar, framsyningar og i dikt.
Stor tilhengar av den vestlandske, musikalske kystkulturarv og var den første i landet som mottok Ivar Medaas-prisen.
Ellers brenn ho for at folk skal setja pris på seg sjølv og innsjå at dei er GOD NOK!

"Du skal elska din neste som deg sjølv!" - SOM DEG SJØLV ;)
Hugs det! -Linda

Frode Skag Storheim
Frode er utdanna klassisk pianist med master frå Griegakademiet i Bergen. 

Trass i ei klassisk skulering er Frode ein særs allsidig utøvar. Han er ein begeistra formidlar med humor og glimt i auga som meistrar det meste frå besifringsspill og improvisasjon til dei store klassiske verk. 

Han er og mykje brukt som konfransier og konsert-foredragshaldar.

Frode har spela med Linda sidan 2007 og skal vera orkesterleiar i Grieghallen 29. januar 2022.